Brannvesen skal få betre opplæring i helseoppdrag

– Psykiatri og trussel om sjølvdrap er eit område me har tatt tak i dei siste åra. Me har prøvd å gje betre opplæring som førebur brannmannskapet i møte med slike oppdrag, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo kommune.

tre menn rundt eit bord vert fotografert - Klikk for stort bileteNRK Hordaland intervjuar brannsjef Ove Halleraker, beredskapssjef Frode Sagvaag og brannbefal Glenn Thore Grønås om psykisk helse i brannopplæringa. Simon Knutsson Sortland

Brann- og redningsvesenet er ofte fyrst på ulukkesstaden. Ny utdanning skal førebu dei betre på oppdrag som går på helse og trussel om sjølvdrap. NRK Hordaland har i ein reportasje sett fokus på denne problemstillinga. Blant dei intervjua var brannsjef Ove Halleraker, beredskapssjef Frode Sagvaag og utrykningsleiar Glenn Thore Grønås i Bømlo brann og redning.

Les nettartikkelen Brannmannskapet skal bli betre rusta til vonde oppdrag på NRK Vestland

Høyr intervjuet Brannvesen skal få betre opplæring i helseoppdrag på NRK Radio Hordaland

(Tidspunkt 01:13:19 - Bømlo brann og redning frå 01:16:00)
 

Til toppen