Brei politisk semje om innspel til regional transportplan

Bømlo kommunestyre var samrøystes med unntak av på eitt punkt som gjeld E39 då dei gav sitt høyringsinnspel til Regional transportplan (RTP) Vestland 2022 - 2033.

Kommunestyret var samd i kommunedirektøren sitt framlegg, men vedtok samrøystes tre tilleggspunkt satt fram av Ragnfrid Sønstabø (H). Det var i hovudsak at kommunedirektøren ber om at prosjekta som ikkje vert realisert som del av Bømlo pakke II (reservelista), må leggjast inn i kommunen sitt høyringssvar, til dømes Miljøgata/Leirdalkrysset.

Vidare må takast med betydninga av at fylkesveg 541 vert oppgradert til klasse B i gjennom Sveio. Når Bømlo Fiskerihamn vert realisert vil trafikken auke samt at Fylkesveg 541 er ein viktig avlastningsveg når Bømlafjordtunellen er stengt.

Kollektivtilbodet til ungdom må bli betre, at det minimum skal vera mogleg å nytte kollektivtransport frå delsentra til sentrum og tilbake igjen til delsentra på kvelden for at flest mogleg kan nytta seg av ulike tilbod og aktivitetar i heile kommunen.

Unni Seim (SV) la fram eit punkt som vart nedstemt mot tre røyster frå SV, MDG og PDK.  Det lyd slik:
"Bømlo kommunestyre vil gå inn for ein plan som er tydlegare i premissane knytt til natur, klima og miljø. Me vil prioritera trygge, tenlege vegar med gul stripe, rassikring, bypakke og tog og veg mellom Bergen og Voss. Me er positive til utbygginga av Sunnfast. Primært vil me ha ein effektivt og klimavennleg ferjetrafikk, og ny utgreiing av alternativ E39 tofelt og trafikksikker bruksveg via indre trase."

Les saksframlegget for Regional transportplan (RTP) Vestland 2022 - 2033

Til toppen