Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Bry deg litt ekstra om barna i sommar

Sommaren er her, og etter veker med nedstenging skal skular og barnehagar igjen lukke dørene. Då er det viktig at vaksne i nærmiljøet tek ekstra ansvar for barn som har det vanskeleg heime. 

Av og til illustrasjon gut i vindauge (Av- og til) - Klikk for stort bilete

– For barna som har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje, kan nye veker borte frå skule og barnehage vere ekstra vanskelege, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til. 
 
Ho oppfordrar folk i Bømlo til å følgje med og ta affære dersom dei er bekymra for eit barn.
 

Samarbeider om alkovett

Bømlo er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. Kommunen støttar oppfordringa om å bry seg litt ekstra i sommar. 
 
– Alle barn fortener ein trygg og god sommar. Vi vil gjere alt vi kan for at alle barn i kommunen vår skal få ein fin sommarferie, og vi oppfordrar alle til å vere trygge vaksne og hjelpe når dei ser barn som slit, seier Stian Sithole Olderkjær, Av-og-til koordinator i Bømlo kommune. 
 

Slik kan du hjelpe:

Dersom du er i ein situasjon der ein forelder drikk for mykje framfor barnet sitt, kan du prøve å snakke med vedkommande på ein roleg og diskré måte. Dersom denne personen er for påverka til at det går an å ha ein normal samtale, er det best å vente til dagen etter og heller prøve å skjerme barnet mest mogleg.
Dersom du er bekymra for at eit barn ikkje har det bra heime, er det viktig å vise at du bryr deg. Spør barnet korleis det går, og gi det tid og omsorg.
Inviter barnet med på familieaktivitetar som grilling, ein tur på stranda eller spelkveld. 
Dersom du er usikker på kva du skal gjere, eller mistenkjer at situasjonen er akutt, kan du ringje Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Der kan du få råd og hjelp frå fagpersonell.
 
Vil du lese meir?
 
 
Sist endra 23.06.2020 14:35
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Mobil:
909 51 516
E-post:
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering