Byggjer brannstasjon på prestebustadtomta

Nær tre timar med debatt, prøveavrøysting og gruppemøte måtte til før kommunestyret måndag kveld med knappast mogleg margin endeleg fekk avgjort kvar ny brannstasjon skulle plasserast. Dermed er det klart for tildeling av anbod og byggjestart på den gamle prestebustadtomta på Svortland.

Eit knapt fleirtal på 14 mot 13 gjekk inn for ei ekstraløyving på 8 millionar kroner slik at totalkostnaden kjem opp mot nær 60 millionar kroner i tråd med fleirtalsinnstillinga frå formannskapet. Høgre og Arbeidarpartiet gjorde innleiingsvis framlegg om å utgreia høvesvis Hollundsdalen og gamle BUS-tomta. FrP og PDK ville som Høgre ha eit nytt beredskapssenter som kunne samla alle blålysetatane i Hollundsdalen. KrF argumenterte for framlegget som låg i bordet frå formannskapet om for å byggja ny brannstasjon på den gamle prestebustadtomta .

Enormt engasjement

Plassering av brannstasjonen på Svortland eller i Hollundsdalen har skapt enormt engasjement, noko både debatten i kommunestyret og sjåartal på 781 på direkteoverføringa vitna om.

- Arbeidarpartiet gjekk inn for kompromissvedtaket om prestebustadtomta trass i at det er det verste alternativet då me meiner det er viktig med eit størst mogleg tillitsvotum i ei så viktig sak. Etter at Høgre rosverdig nok har snudd i saka føler me oss ikkje bunden av dette kompromissvedtaket. Difor vil Ap fremja sitt opprinnelege vedtak om plassering på gamle BUS-tomta som me alltid har meint og framleis meiner er den beste, sa Sverre Hagerup Sørensen (AP) innleiingsvis.

- Formannskapet si fleirtalsinnstilling byggjer på eit grundig saksframlegg med kjende kostnadar. Framlegga om beredskapssenter i Hollundsdalen eller plassering på gamle BUS-tomta gjer ikkje det. Dette vil setje alt i spel, og me veit ikkje kva det vil kome til å kosta oss, argumenterte Morten Helland (KrF).

- Dette er ei avgjerdsle me skal leve med dei neste 40-50 åra. Med vegutbetring og opsjonar vil det utan å ta for hardt i minst kosta 80-90 millionar kroner å byggja på prestebustadtomta. Me meiner difor konkurransen bør avlysast og få utgreidd andre alternativ, påpeika Ragnfrid Sønstabø (H). Ho poengterte at brannstasjonen må ha utvidingsmoglegheiter og med eit beredskapssenter vert alt samla på ein plass - både brannstasjon, lager og øvingsområde i Hollundsdalen. På sikt også ei samling av alle blålysetatane her.

Før endeleg votering gjorde Jalle Bråten (Ap) det klart at dei ville gå for fleirtalsinnstillinga dei var med på i formannskapet. - Kostnaden med å gjere store endringar og å flytta brannstasjonen ut av sentrum vert så høge at me vel å få bygd brannstasjonen no, med kjende tal. Me vil slik sikre at me har eit oppegåande brannvern med fornuftige arbeidsvilkår, poengterte Bråten.

Fleirtalet på 14 var Sp (3), Krf (5), Ap (5), SV 1() mot H (7), FrP (3), PDK (1), V (1) og MDG (1).

Saksliste og protokoll kommunestyremøte 14.02.2022

Til toppen