Dagleg leiar/prosjektleiar Moster 2024 AS

I 2024 er det 1000 år sidan Kristenretten vart innførd i Noreg. Bømlo kommune, saman med Hordaland fylkeskommune og andre aktørar, planlegg eit riksjubileum det året med sentral markering på Moster. Ein søkjer no etter dagleg leiar/prosjektleiar til å leie og koordinere arbeidet fram mot 2024.

Scene med mykje folk i frå I slik ei natt. (Bømlo teater) - Klikk for stort bilete

Eit eige forprosjekt har peika på anbefalingar vedrørande organisering, satsingsområde, finansieringsmoglegheiter, partnarskap og framdriftsplan. Forprosjektrapporten har fått politisk tilslutning i Bømlo kommune og i Hordaland fylkeskommune. Det er vedteke at jubileet skal ha fokus på «verdiar i lovverk og samfunn» og barn og unge vert ei prioritert målgruppe. 

 
Det vert oppretta eit eige selskap, Moster 2024 AS, for planlegging, gjennomføring og evaluering av jubileet. Selskapet, som vert heileigd av kommune og fylkeskommune, skal avviklast etter at jubileet er gjennomført, truleg i årsskiftet 2024/2025. Dagleg leiar/prosjektleiar  vert tilsett i dette selskapet i perioden og vil rapportere til eit eige styre. Kontorplassering vil vere i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter AS sine lokale på Moster. Kapasiteten i selskapet skal aukast fram mot jubileet og i ein oppstartsfase vil ein kunne ha noko fleksibilitet på stillingsstorleik.
 

Me ser etter ein person som:

Har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
Er målretta og har god gjennomføringsevne 
Har erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid 
Har erfaring med tilskiping av større arrangement, festivalar e.l.
Har erfaring med kommunikasjons-/påvirkningsarbeid
Har god økonomisk og forretningsmessig forståing 
Har evne til å skape begeistring for prosjektet
Har evne til strategisk tenking
Har innsikt i og forståing for dei historiske hendingane som ligg til grunn for jubileet
Har kjennskap til kultur- og kunnskapssektor, samt aktuelle forskingsmiljø 
Personlege eigenskapar vil bli spesielt vektlagt
 

Anna:

  • Det må påreknast noko reiseverksemd. 
  • Arbeidet skal skje i tett samarbeid med styret og med Bømlo kommune. 
  • Løn etter avtale.
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 
 
Kontaktperson: kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund - 53 42 30 54 / 975 00 432
 

Søk elektronisk her innan 31.10.19 

Sist endra 18.10.2019 14:43
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering