Koronavirus - informasjon

Dei yngre sin tur i vaksinekøen

Det blir vaksinasjon ved gamle BUS onsdag og torsdag i vekene 29 og 30 for aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år. Dei fleste skal ha fått tilbod om time på sms.

- Dei som ønskjer vaksine på Bømlo må registrere seg i Helseboka snarast, dersom dei ikkje allereie har gjort det. Framover vil aldersgruppa 25-39 år få tilbod om vaksine. Det er ei stor gruppe, og dei fleste (men ikkje alle) skal ha fått tilbod om første dose innan skulestart, opplyser kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Registrer deg for koronavaksine

Ledige dosar i Karmøy

Karmøy kommune har overskot av vaksinedosar, og dei som ønskjer vaksine snarast råd kan bestille vaksinasjonstime på Karmøy kommune si nettside.

Vaksinetime i Karmøy kommune

Til toppen