Delta i «Sykle til jobben» 2019

Sykle til jobben 2019.JPG - Klikk for stort bilete

Folkehelsekoordinator Anne-Beth Njærheim og samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker oppmodar alle i Bømlo til å bli med på kampanjen og moro-konkurransen «Sykle til Jobben» 2019. 

Og nei, dette er ikkje ein rein sykkelkampanje. Det treng ikkje handle om jobb ein gong. Absolutt ALL FYSISK aktivitet tel, noko som Alf Helge Greaker likar best med kampanjen: «Går du tur med hunden? Gjer husarbeid? Går på yoga, handball eller står på skateboard? Flott! Då er du allereie i gong». 

 
- Me vil ha fokus på kvardagsaktivitet der du vel å ta trapp i staden for heis. Sykkel framfor bil kan saman gi aktivitetsgevinst, seier Anne-Beth Njærheim. 
 
Så få med deg vener og kollegaer og bedriften din. Dann lag. Og det  kan drysse små og store premier til alle. Aktivitetane kan bli automatisk loggførte* i denne moro-konkurransen. Her tel poeng, ikkje berre «høgt, langt og fort». Over 42.000 deltok i fjor.  
 
Gå til nettsida til «Sykle til jobben» og bli med oss og meld deg på no i dag!
 
 

Tilsette i Bømlo kommune

Jobbar du i Bømlo kommune kan du registrere deg på bedriften BØMLO KOMMUNE (TILSETTE) og bli med eit lag eller lage eit sjølv.  
 
Får du fleire poeng enn naboen? Ungane dine? Den andre skulen? 
 
Følg også kampanjen på Facebook og Instagram #Sykletiljobben 
 
Sykle til jobben» er Noregs eldste og største aktivitetskampanje, som i år blir gjennomført for 46. gang. «Sykle til jobben 2019» går frå 24.april - 21.juni og ein kan melde seg på kor tid som helst.  
 
 
* Via app’ar som Endomondo eller Strava. Så kampanjesida sykletiljobben.no for meir informasjon 
Sist endra 15.05.2019 19:27
Fant du det du leitte etter?