Det gode Huset

Foldrøy skule og SFO har fått seg eit nytt hus som vart offisielt opna av ordførar Odd Harald Hovland torsdag 6. september. - Den gode atmosfæra i huset avspeglar ikkje minst den gode viljen bak frå alle samarbeidspartnarane, takka rektor Vibeke Dahl i sin opningstale.

Ordførar snakkar til born i Huset SFO Foldrøy. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Elevar frå små- og storskulen ved Foldrøy skule, lærarar, rektor, ordførar, rådmann, leverandørar og pressa var med på opninga av det nye SFO-bygget som har fått namnet "Huset" sidan det skal brukast til meir enn berre skulefritidsordninga. Pizzaboller, brus, kaffi og kake vart fortært, godord og gåver delt ut.

 

- Satsar på bygdene

- Bømlo kommune satsar på barneskular i bygdene fordi det er der folk bur. Foldrøy har no fått eit anlegg ikkje berre for skulen sin, men for heile lokalmiljøet.Her kan born og vaksne ha aktivitetar saman. Kommunen satsar på foldrøy, ei bygd med gode vekst- og framtidsutsikter. De ligg midt mellom to kommunesentra, har kommunen sitt beste kollektivtilbod og vakker natur, sa ordførar Odd harald Hovland mellom anna i sin opningstale.

 

- Dette er eit fantastisk hus med moglegheiter berre fantasien set grenser for. Eg vil takke alle for den gode innsatsen i prosjektet, ikkje minst tidlegare rektor Anne Karin Haldorsen som har avlasta meg veldig i prosjektfasen.Eg vil takka politikarar og administrasjonen i kommunen for velviljen og at de satsar på Foldrøy. resultatet er blitt veldig bra. Ikkje minst takk til elevane og deira innsats og flotte songinnslag, rosa rektor Vibeke Dahl.

 

Huset er teikna av JK Arkitektur, har 133 rutemeter bruksareal, flott leikeplass ute og er lyst og triveleg inni. Engelsen hadde totalentreprisen medan Halleland AS var grunnentreprenør og Helle Elecon AS teknisk leverandør. Kontraktssummen var på 4,83 millionar kroner, opplyser prosjektleiar John Nordseth Nesse i Bømlo kommune,

 

 
 
Framsida Huset sfo Foldrøy. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Baksida av Huset SFO Foldrøy. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Noverande og tidlegare rektor serverer born på Huset SFO Foldrøy. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Noverande og tidlegare rektor serverer born på Huset SFO Foldrøy. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 07.09.2018 13:17
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 35 82
Mobil:
900 10 085
Tittel:
rektor
Bunnhjørne
 
Login for redigering