Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

- Dette er ein dugnad for å redda liv

- Alle skal avgrense samvære med andre enn husstandsmedlemmer så mykje som mogleg. Om folk ikkje føl desse råda klarar me ikkje å stoppa korona-smitta. Syn ansvar og omtanke – det er snakk om å redda liv, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Smittevernlege Kjersti Follesø og ordførar Sammy Olsen. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Etter tips frå uroa sambygdingar sende Bømlo kommune laurdag kveld ut befolkningsvarsling for å stoppa private festar og samankomstar blant ungdomane våre.  

 
 
- Me har motteke ein del tilbakemeldingar på denne varslinga, dei fleste positive, også frå ungdomar, seier ordførar Sammy Olsen. Alle råd og retningsliner frå nasjonale mynde og kommunen vert sett i verk for å hindra korona-smitte. Eg oppmodar innstendig alle bømlingar, og alle andre, om å lojalt følgja opp dette. 
 

Nøkkelen er at folk held seg heime

Smittevernlege Follesø syner til byen Codogno, der viruset først vart oppdaga i Italia, for her har myndigheitene lukkast med å avgrensa smittespreiinga.
 
- Å få folk til å holde seg heime var nøkkelen. Gjer me det same kan me også oppnå dette. Førebels har ingen fått påvist korona-smitte i Bømlo kommune, men det kan endra seg raskt. 
 
Sist endra 16.03.2020 13:19
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
Viktig informasjon (1)
 
Login for redigering