Du kan påverka utviklinga av helsetenestene

Bømlo kommune skal no revidera kommunedelplan for Helse-sosial-omsorg (HSO). Du kan gje dine innspel til utviklinga av helsetenestene i Bømlo. 

Arbeidet med planen vil starta opp rett på nyåret og framlegg til planprogram er no lagt ut på høyring.

Høyringsfristen er 18. oktober. 

I planprogrammet er det lagt vekt på medverknad og samskaping. Me ynskjer å leggja til rette for at lokalsamfunna, innbyggjarane, frivilligheita og næringsliv kan vera med å finna gode løysingar for korleis helse- og omsorgstenestene bør vera i framtida. Me ynskjer no innspel på korleis de ynskjer å delta. Medverknad og deltaking kan til dømes skje gjennom møter, idèdugnader, brukarpanel, deltaking i arbeidsgrupper, skriftlege innspel m.v.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Jorunn J Folgerø-Holm på telefon 489 99 937 eller e-post.

 


 

Til toppen