Du treng ikkje ringe for å sjekke om du er registert for koronavaksinering - 22.02.2021Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. - Me er glade for at folk registrerer seg, men dei som allereie har registrert seg treng ikkje ringe vaksinetelefonen for å sjekka om dei er registrert, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr.Ho minnar om at du som har registrert deg vil få tilsendt sms på mobilen når du får time for koronavaksinering.Ber om tolmodRegistreringssystemet Bømlo kommune nyttar har diverre ikkje ein funksjon som viser at du er registert sjølv om du er det. Me har meldt dette inn som hastesak til leverandøren og håpar å få dette på plass snart.- Me forstår at du vert usikker, men me har det me treng når du har registert deg eller dine ein gong, understrekar verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta. Ho ber innbyggjarane om å vere tolmodige, og ikkje ringa vaksinetelefonen for å sjekke om du er registert. Meir informasjon vil bli gitt når me mottek svar frå leverandøren.Fekk du denne stadfestinga etter du registrerte deg er alt i orden. Har du ikkje registrert deg enno?Registrer deg for koronavaksine Sist endra22.02.2021 08:39