- Eigenberedskap er viktig

Mest naudsynte for eigenberedskap. Foto. (DSB) - Klikk for stort bilete

- Når samfunnet vert råka av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Jo fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, jo betre rusta står me som samfunn. Saman er me førebudd!

Mann med hodelykt hentar vatn. Foto. (DSB) - Klikk for stort bilete

Dette seier Cecilie Daae, direktør i DSB, som nyleg lanserte kampanjen for å betra folk sin eigenberedskap. Målsetjinga med kampanjen – som er utvikla av Direktoratet for samfunn og beredskap (DSB) og Oslo kommune – er å betra folk sin eigenberedskap.

 

Kampanjen fokuserar på kva einskildtpersonar bør ha tenkt gjennom dersom straumen skulle bli borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virka, vatnet blir avstengt eller det blir vanskeleg å få tak i naudsynte varer. I tillegg inneheld kampanjen konkrete råd og døme på korleis du kan klare deg sjølv i heimen i minst tre dagar.
 

Avhengig og difor sårbar

Noreg har eit trygt og stabilt samfunn der me er vant til at det meste fungerar som det skal. Livet i Noreg er imidlertid heilt avhengig av blant anna straum, vatn og internett – og nettopp det er vår største sårbarheit. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i naudsynte varer.


- Når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg, seier direktør Cecilie Daae i DSB.


Difor ber DSB alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betra sin eigen beredskap. I heftet I heftet "Du er ein del av beredskapen i Noreg - råd om eigenberedskap" (PDF, 6 MB) går ein gjennom dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og konkrete døme på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre dagar ved ei hending.


Les meir på sikkerhverdag.no

 

Dette er DSB si nye beredskapsliste:
 

  • 9 liter vatn per person
  • To pakker knekkebrød per person
  • En pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridriven DAB-radio
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • Jod-tablettar ved atomhendingar

 

Jodtablettar på apoteka

Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. Myndigheitene tilrår at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.
 

Les meir på Fylkesmannen si heimeside her

 

Spørsmål og svar ved ei atomhending finn du her

Sist endra 06.11.2018 08:48
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering