Eldsjelprisen 2019 til Tveit og Vika

I utval for næring, innovasjon, idrett og kultur sitt møte den 12.11.19  blei eldsjelprisen delt mellom Bernt Emil Vika og Wenche Tveit.

The Jokers spelar i Bremnes kyrkje. - Klikk for stort bilete

Wenche Tveit har gjennom mange år utmerka seg ved å gjera ein fantastisk innsats for ungdom med funksjonsnedsetting i kulturlivet i Bømlo. Wenche er også initiativtakar og manager i gruppa The Jokers, der ho går inn i oppgåvene med heile seg og ser moglegheiter framfor hindringar. Arbeidet ho gjer blir lagt merke til langt utover kommunegrensene.
Faksimile av Leidarsteidn 2017. - Klikk for stort bilete Bernt Emil Vika har vore ein sentral person i Bømlo tur- og sogelag i fleire tiår. Han har eit sterkt engasjement for bevaring av kulturminne – både gjennom gamle ting, gjengrodde stiar og gode historiar. Han er også  redaktør for «Årsheftet Leidarsteidn» som er eit lokalhistorisk hefte med gode historiar og gamle bilete frå heile Bømlo.
 
Eldsjelprisen blir delt ut annakvart år til ein eller ei som i sitt nærmiljø har utmerka seg ved å gjera ein innsats for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg.
 
Eldsjelprisen blir delt ut på nyttårskonserten til Bømlo janitsjar.
Sist endra 27.11.2019 11:13
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering