Endring i kommunale koronatenester

Bømlo kommune avviklar tenestene koronatelefon, koronasentralen, PCR-testing og utskriving av koronasertifikat i sin noverande form frå 1. mai 2022.

bilde av bygningar i sentrum - Klikk for stort bileteBremnes helsestasjon med gamle BUS i bakgrunnen. Simon Knutsson Sortland Bømlo kommune vil framleis ha ein koronaberedskap, men den vert no lagt inn under dei ordinære helsetenestene frå 1. mai. Tenestene vil no bli utført ved helsestasjonen på Svortland. Ved sjukdom eller behov for legehjelp må ein kontakta fastlege. 

Dette betyr:

  • Kommunen sin koronatelefon og koronasentralen ved gamle BUS vert nedlagt.
  • Kommunen tilbyr ikkje lenger PCR-testing, noko som framover vil bli utført av lege ved eventuell sjukdom.
  • Kommunen tilbyr testing og utlevering av koronasertifikat i samband reise som ei betalingsteneste som vil kosta 300 kroner.
     
    Informasjon om koronavirus

Gamle BUS framleis sentral

Gamle BUS er framleis sentral i Bømlo kommune sin pandemiberedskap, og vil vere det ei god stund framover. Dette fordi pandemien ikkje er over, og det er forventa nye smittebølgjer som kan gjere det naudsynt å ta opp igjen testing og massevaksinering. Det er ikkje andre bygg som har dei same moglegheitane. Bygget er dessutan i bruk til fleire funksjonar og av fleire personar, sjølv om dei som jobbar med pandemihåndteringa ikkje er fast stasjonert der.

Kommunen er avhengige av at folk lar bygget vere i fred og ber alle respektera det. Hærverk vil bli meldt til politiet. 

Til toppen