Engasjement for framtida

Orientering om kommuneplanprogram. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Dei kring 20 frammøtte på informasjonsmøtet i biblioteket tysdag 10. april synte stort engasjement for ny kommuneplan for Bømlo 2018-2048. Dei kom med mange innspel som ordførar og samfunnsplanleggjar vil ta med seg vidare i prosessen.

Ordførar orienterer om kommuneplanprogram. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Me må laga ein plan som legg grunnlaget for eit sterkt næringsliv med eit mangfald av arbeidsplassar, attraktive bumiljø og eit godt offentleg tilbod. Politikarar og kommuneadministrasjonen klarar ikkje det åleine. Me er avhengige av aktive lag, organisasjonar, næringsliv og engasjerte innbyggjarar som saman klarar å spele på lag, understreka ordførar Odd Harald Hovland i si innleiing.

 

- Nettopp difor er samfunnsdelen så viktig, poengterte samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker. Det er i denne delen me må få fram kva me er og kva me vil for framtida i Bømlo. Samfunnsdelen må danna grunnlaget for korleis me i neste omgang skal legge til rette for arealutnytting som skal bidra til berekraftige verksemder, natur og miljø, understreka han. Publikum vart orientert om sjølve planprosessen og tidsramma som er satt opp.

 

Planprogram samfunnsdel kommuneplan 2018-2048 (PDF, 453 kB)

 

Unge og eldre må med

Fleire av dei frammøtte understreka at både unge og eldre måtte dras med i planarbeidet. Ingen må eksluderast. - De må få med dei unge som er framtida vår, men ikkje gløym å dra vekslar på oss pensjonistar som sit på stor kunnskap og ressursar, minna Knut Harald Vik frå Bømlo pensjonistforening om.

 

Å ha fellesmøter med Bømlo ungdomsråd og eldrerådet var eit konkret tiltak som vart nemnt. Rubbestadneset grendautval har oppnemnd to ungdomar til styret, og oppmodar andre lag og organisasjonar om å dra inn ungdomen.

 

- Det er de eldre som alltid stiller opp, og det er me glade for. Me slit meir med å nå barnefamiliane og ungdomane, og difor har me mange tiltak på blokka me vil freista prøve ut for også å nå desse gruppene, lova Greaker. Han takka også for innspelet om spesielt å freista nå den uorganiserte ungdomen, som og har ressursar me må ta i bruk.

 

- Ta meir politisk styring

Kva planen sa om landbruk, jordvern, strandsoneplan, sentrumsplan og natur og klima var det også interesse for. Møtet handla om planprogrammet, og dette er innspelsrunden. Det er ikkje skrive noko i sjølve planen enno. 

 

- Planprogrammet, og sjølvsagt også sjølve planen, omhandlar også desse tema, repliserte ordføraren. Me ynskjer å ta meir politisk styring og då treng me gode planar. Difor er samfunnsdelen så viktig, der me seier kva me vil og korleis me kan nå dit. Med breitt engasjement frå innbyggjarane vil også eigarskapen til planen bli sterkare. Det vil bli konfliktar, men det er likevel større sjanse for at me kan finne løysingar det er brei semje om dersom me har ein god plan, og ikkje må styre meir etter dispensasjon og manglande planar, meiner ordføraren.

 

Samla kommunen

- Det er ikkje til å underslå at mange ikkje klarar å sjå det store biletet, men tenkjer mest på si bygd. Med all det nye som har skjedd med infrastrukturen, korleis ser de for dåke å få samla alle bygdene slik at dei kjenner tilhøyrsle for heile kommunen, undra Trygve Leigland.

 

- Visjonsarbeidet i samfunnsdelen vil vere eit godt utgangspunkt og grunnlag. Bømlo kommunestyre har bestemt at me skal vere ein eigen kommune, og då har alle eit ansvar for å syne og stå saman om det, meiner Greaker.

 

- Det er viktig at bygdene har sin eigenverdi, men me må skapa noko felles. Me er alle avhengige av å ha eit velfungerande sentrum, noko som vert ei kjempeutfordring når dette no er så langstrakt, repliserte Ola Ersland.

 

 - Me er takksame for alle innspel, avrunda Hovland og Greaker.

Sist endra 13.04.2018 16:14
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 56
Mobil:
480 04 218
Tittel:
samfunnsplanleggjar
Bunnhjørne
 
Login for redigering