Fagre Tjongspollen er verna

Tjongspollen 1 - Klikk for stort bilete Tjongspollen2 - Klikk for stort bilete

Kongen i statsråd vedtok onsdag 21. juni å verne skog i Tjongspollen i Bømlo. Avgjerda er svært viktig for naturmangfaldet og friluftslivet.

Stort og svært viktig skog - og kystlandskap

Tjongspollen naturreservat grensar til dei eksisterande barskogreservata Sagvatnet i nord og Skogafjellet i sør. Såleis vil eit frivillig vern av områda kring Tjongspollen ta vare på eit større samanhengande kyst – og skoglandskap med lite inngrep, og som er særleg viktig for naturmangfaldet.

 

Naturreservatet er 3 185 dekar stort, av dette er  2 132 dekar produktiv skog. I gjeldande kommuneplan er det registrert som føremål LNF (landbruk, natur og friluftsliv) dels med omsynssone naturmiljø, dels friluftsliv og kulturmiljø.

 

Stor takk til grunneigarane og Bømlo kommune

Vi ønskjer å rette ein spesiell takk til både grunneigarane og Bømlo kommune for at dei over lang tid har hatt ei klok og framtidsretta bruk og arealforvalting av området. Dette har sikra desse nasjonale kvalitetane for framtida.


Dei tre naturreservata ligg inntil kvarandre og sikrar eit stort inngrepsfritt område for naturmangfald. I forkant i biletet ser vil Sagvatnet naturreservat, så Tjongspollen naturreservat og heilt i sør og øvst i biletet Skogafjellet naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Fylkesmannen i Hordaland.


Naturkvalitetane kring Tjongspollen

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på sjeldan og sårbar natur, i eit større naturprega skog - og kystlandskap utan vesentlege inngrep. Av særlege kvalitetar er stor naturvariasjon, og artar og naturtypar med svært avgrensa utbreiing nasjonalt og internasjonalt, inkludert regnskogsområde med ei rekkje trua lav- og moseartar. I tillegg til regnskogmiljøa er store delar av furuskogen purpurlyngfuruskog.

 

Tjongspollen har eit særprega marint mangfald av artar. Vern av areal på land vil sikra areala mot nedbygging, og på den måten vil ein unngå avrenning og ureining i den inneslutta pollen.

 

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta kan sanke sopp og bær. Turstiar i området kan etter søknad haldast ved like som før. Vernet omfattar ikkje sjølve sjøen, og bruk av båt og fiskereiskapar vil vere som før.

 

Ønskjer meir frivillig vern

Med dette vernevedtaket er omlag tre prosent av den produktive skogen i Noreg verna. Stortinget har nyleg vedteke eit mål om vern av ti prosent av skogarealet i Noreg. Fylkesmannen vil derfor i samarbeid med skogeigarlaga Vestskog og Allskog auke innsatsen på dette feltet.

 

I Hordaland er det skogeigarlaget Vestskog BA som har den første dialogen med grunneigarane om frivillig skogvern. Er det registrert viktige naturkvalitetar i utmarka på eigedomen kan det vere eit godt alternativ for grunneigaren å få verna området og få erstatning for det.

 

Det er for eksempel framleis nasjonalt viktig natur i Tjongspollen som ikkje er omfatta av dette vernet. Fylkesmannen håpar derfor på ei framtidig utviding av Tjongspollen naturreservat om grunneigariane også ønskjer det.

 

Meir om vernet på Klima- og miljødepartementet sine sider

Publisert av Magnus Johan Steinsvåg - seniorrådgjevar Fylkesmannen i Hordaland miljøvern- og klimaavdelinga. Ansvarleg Simon Knutsson Sortland. Sist endra 22.06.2017 16:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering