Falske e-postar om helseundersøking

Folkehelseinstituttet (FHI) åtvarar mot å opna falske e-postar som kan sjå ut som ei helseundersøking frå dei. - FHI har ikkje sendt ut ei slik undersøking, og me tilrår mottakarane å ikkje klikka på lenkjene, seier assisterande direktør Gun Peggy Knudsen.

Mottakar vert beden om å opne ei lenkje til ei spørjeundersøking med ein tilsynelatande gratis premie som kun kostar frakt. Opnar du lenkja vert du trekt eit større beløp. FHI sin grafiske profil er kopiert. I avsendarfeltet i eposten står det Folkehelseinstituttet, og det er brukt fleire ulike epostadresser som ikkje er frå instituttet. 

Les heile saka om falske epostar om helseundersøking

falsk epost frå fhi om helseundersøking. skjermdump - Klikk for stort bilete 

Til toppen