Feira kantineovertaking og morsmålsdagen

Bømlo vaksenopplæring markerte overtaking av kantinedrifta og den internasjonale morsmålsdagen ved Bømlo vidaregåande skule 21. februar. - Perfekt kombinasjon av arbeidstrening og språkpraksis, og veldig kjekt for kombinasjonsklassen vår, seier ei nøgd avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje.

- Me vil alle lære norsk og kvalifisere oss for å ta vidaregåande opplæring, dei fleste innan helse og barne-og ungdomsarbeidarfaget, fortel Arzia Mohamad Kosa. Saman med åtte medelevar frå landa Afghanistan, Sudan, Syria og Filippinene går ho i den nyoppretta kombinasjonsklassen ved Bømlo vidaregåande skule (BØV).

- Dette er eit heilt nytt tilbod i regi av Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune der vaksne får teke grunnskuleutdanning ved Bømlo vidaregåande skule for å kvalifisera seg til vidaregåande opplæring. Når me i tillegg har teke over kantinedrifta her etter Viergo føler me at Bømlo vaksenopplæring her har fått til noko heilt unikt både for språkpraksis, arbeidstrening og integrering, fortel avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje.

Stortrivst

- Det er eit veldig bra tilbod, men det er litt kjedeleg på Bømlo på fritida for oss unge, meiner Harron Mohammed frå Sudan. Han spelarfotball for Bremnes IL.

- Borna mine går på turn, så her er veldig bra tilbod for småbarnsfamiliar, skyt Kosa inn.

- På fem år har eg vore på Bømlo, Kinsarvik, Florø, Nærbø og no tilbake til Bømlo. Dette er ein kjekke plass og veldig fint. Frå neste år skiftar eg frå barne- og ungdomsarbeidarfaget for å gå den nye havbrukslina på BØV. Mykje praktisk arbeid og frisk luft, og eg elskar å fiska, fortel ein humørfylt Haval Mashaan frå Irak. 

- Dette er eit konsept me har tru på, og så tok me utgangspunkt i kommunen sitt slagord "Driftige folk i vakker natur" for å synleggjera alle dei ulike talemåla her i dag. Lærar Steinar Bortne akkompagnerte på gitar når Fader Jakob vart sungen på fleire ulike mål.

Og maten? Jo, den var veldig god den.

Til toppen