Fekk toppjobb i Helse Fonna

Aud Gunn Løklingholm - konstituert rådmann. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Konstituert rådmann Aud Gunn Løklingholm i Bømlo kommune byrjar som ny administrasjonssjef i Helse Fonna frå 1. september.

Aud Gunn Løklingholm (49) frå Mosterhamn har vore tilsett i Bømlo kommune i 13 år i ulike roller, som organisasjonssjef og assisterande rådmann sidan 2010. I oktober 2019 vart ho konstituert rådmann etter Geir E. Aga. Løklingholm har også vore helse- og sosialsjef i Gulen kommune. Ho er utdanna jurist fra Universitetet i Bergen.

 

- Etter 13 år i ulike rollar i Bømlo kommune, fant eg ut at det kunne vera spennande med nye utfordringar og søkte på stillingen som administrasjonssjef i Helse Fonna. Eg har litt kjennskap til Helse Fonna frå tidlegare etter å ha vore med i samhandlingsutvalet nokre år, og gleder meg til å bli kjend med nye kollegaer og ta fatt på spennande oppgåver i helseforetaket, uttalar Løklingholm i ei pressemelding frå Helse Fonna.

 
Administrasjonssjefen er ein del av toppleiargruppa i Helse Fonna. I sin nye jobb får Løklingholm ansvaret for overordna administrative oppgåver knytt til føretaksleiinga og ho vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikls føretaket, opplyser Helse Fonna.
 
 
Bømlo kommune takkar for langt og godt samarbeid og ynskjer Aud Gunn Løklingholm til lukke med nye utfordringar i Helse Fonna.
Sist endra 28.05.2020 09:09
Fant du det du leitte etter?