Feriefond for ledsagarar

Kommunestyret har sett av midlar til eit feriefond der personar som grunna si funksjonshemming er avhengig av følgje for å reise på ferie kan søkja om inntil 5000 kroner årleg. Søknadsfristen er 17. oktober.

sommerbilde.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for å oppretta eit feriefond for menneske med nedsett funksjonsevne i siste møtet før sommarferien. Det er to søknadsfristar i 2018, 11. juli og 17. oktober.

 

 

Søknad om ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 127 kB)
 

 

Retningslinjer 2018 Ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne
1. Tilskotet kan ytast til personar heimehøyrande i Bømlo som grunna si funksjonshemming er avhengig av følgje for å reise på ferie. Som hovudregel vert det ikkje gjeve tilskot for næraste pårørande som følgje.
2. Tilskotet kan dekka direkte kostnader for følgjeperson, og er ikkje eit lønstilskot. Søkjar må sjølv dekka kostnader til eigen ferie.
3. Det kan tildelast inntil kr 5000 pr. person.
4. Søknaden kan sendast både før og etter ferien er avvikla.
5. Det skal leverast inn dokumentasjon på utgifter
6. Søknadsfristar i 2018 er 11. juli og 17. oktober.
7. Tildelingar skjer så lenge det er midlar i fondet. Det er ingen klagerett på vedtaket.

Sist endra 08.10.2018 12:07
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering