Flyktningesituasjonen og Bømlo kommune

Det kommunale tenesteapparatet riggar seg for å møta ei forventa auke i tal flyktningar til Bømlo etter invasjonen av Ukraina.

Det er kvinner og barn som utgjer mesteparten av flyktningane som kjem frå Ukraina. Nasjonale mynde forventar at 2/3 av flyktningane er barn under 14 år. Bømlo kommune har førebels meldt inn kapasitet på 80 nye flyktningar, men dette kan endra seg.

- Me har kartlagt noverande kapasitet og kva som me reknar med må rustast opp i våre aktuelle tenester for å takla denne situasjonen på best mogleg måte. Kor mange flyktningar som kjem frå Ukraina og kor langvarig dette blir er uvisst, men kommunen er godt rusta og samordna for å tilby flyktningane hjelpa dei treng, seier kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund.

Slik kan du hjelpe

UDI: Hjelpe flyktningar - oppdatert informasjon og nasjonale retningsliner

Til toppen