Møteinnkalling og saksliste til formannskapsmøte 09.06.2022
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte om sjukefråver og skatteinngang i kommunen. Samla sjukefråver er framleis høgt, men syner ein nedgang frå 11,8 prosent i mars til 8,2 prosent i april. På same tid i fjor var fråveret på seks prosent. Skatteinngangen for dei fem første månadane i 2022 ligg 12,2 millionar over budsjett, ein vekst på 10,6 prosent. I høve budsjetterte inntekter for perioden ligg kommunen 15 620 000 kroner føre kommunestyret sitt opphavlege budsjettanslag på skatt og rammetilskot.
Gjekk med underskot i 2021
Formannskapet tilrår samrøystes kommunestyret å godkjenne kommunen sitt samla rekneskap slik det ligg føre med eit netto driftsresultat på minus 10 916 501 kroner, dekka inn av netto fondsbruk. Framlegg til vedtak om 1. tertialrapport og framlegg til revidert budsjett var også samrøystes.
- Kva skuldast dette resultatet, og kva må gjerast for å få til ei betring, spurde Inge Reidar Kallevåg (H).
- Årsrekneskapen for 2021, 1. tertialrapport 2022 og revidering av kommunebudsjettet er tre saker som heng i hop. Kommunen har hatt store utgifter i samband med pandemien, men og større utgifter til drift enn det som opphaveleg var budsjettert. Særleg då knytt til barnevern, barnehagar, habiliteringstenesta, legetenesta og ENØK. Kostnadane knytt til pandemien vil no falle bort. Men dei fem nemnde postane vil også være usikre faktorar i 2022. Sjølv om me er lova full kompensasjon for våre utgifter knytt til covid-19 er dette også usikkert, noko som sjølvsagt også vil kunne påverke resultatet for 2022, opplyste kommunedirektøren. Han understreka at ikkje alt kan forklarast med pandemien, og at det vert jobba med ulike grep for å betra økonomien.
Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland og samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker orienterte og svara på spørsmål om status og framdrift for kommuneplanens arealdel. Ei høyringsrunde om byggjegrenser mot sjø skal vere klar til hausten. Formannskapsmedlemene gav klart uttrykk for at dei ynskjer å få vedta KPA før neste sommar då eit nytt kommunestyre trer i kraft hausten 2023.
Kommunedirektøren var også innom personalsituasjonen i kommunen og kunne opplyse om at det er lyst ledig tre legestillingar og ny prosjektleiar. Reidun Robberstad Sortland er tilsett som verksemdsleiar ved Tenestekontoret etter Anne Karin Fossdal, og på avdeling for arealplan startar to nye medarbeidarar 15. august.
Buset 48 flyktningar i løpet av sommaren
- Til no i 2022 har me busett 14 personar. I løpet av juni. skal me busetje 15 personar på avtalt dato, og vidare 19 personar til som ikkje har fått fastsett dato. Av desse 48 personane kjem 20 frå Ukraina og 28 frå Syria. NAV Bømlo gjer ein god jobb her, opplyste Aga Gjæsæter.
Han kunne vidare opplyse om at kommunen overtek Kanalvoktarbustaden og området rundt denne ved Kulleseidkanalen frå Statens vegvesen. Friluftsrådet har fått nær ein halv million kroner til å sikra Hisøy utanfor Rolfsnes som friluftsområde. Her kan bli realisert ein ny kai og tilkomst til øya. Kommunen har her ei hytte som innbyggjarane kan få leiga rimeleg.
Det er gjennomført eit flott arbeid i og rundt området til Bømlo helsehus. Uteområde utanfor sengepost for personar med demens/kognitive utfordringar er oppgradert, ei vesentleg oppgradering av uteområde utanfor Trivselshuset (dagtilbod for dei eldre), samt at det er kjøpt inn nye møblar og pussa opp i fellesområdet/kantina ved Bømlo helsehus som både brukarar og tilsette vil nyta godt av. Grunna mangel på handverkarar er nytt bygg for rus og psykisk helse bak Bømlo helsehus forseinka til slutten av februar 2023.
Tilrår vidareføring av fritidskortet
I saka om lokal ordning for fritidskortet 2022/2023 tilrådde kommunedirektøren å ikkje vidareføra ordninga grunna kommunen sin økonomiske situasjon. Etter framlegg frå Morten Helland (KrF) til nytt punkt 1 tilrår formannskapet at kommunestyret vidareførar Fritidskortet for hausten 2022, etter rammer vedteke i kommunen sitt budsjett for 2022, men justert til aldersgruppa 11-15 år. Ny vurdering vert gjort i budsjett for 2023. I tråd med kommunedirektøren sin framlegg vert Aktivitet for alle ført vidare og vidareutvikla som del av Bømlo sine tiltak for å redusera barrierar for deltaking i fritidsaktivitetar.
Formannskapet vedtok også at Norge Mineraler AS får gjennomføra undersøkingar i gullgruveområdet på Lykling som dei har søkt om.