Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 23.05.18 og inntil vidare - brannsjefen.

Folk i sentrum

Ordførar Odd Harald Hovland ønska velkommen ved å framheve viktigheita av lag og organisasjonar sitt arbeid og dermed bidrag til at folk lever gode liv i sine nærmiljø. - Kommunen må vere ein tilretteleggar både for desse og for næringslivet, sa han til dei vel 60 frammøtte på kommunen sitt årlege dialogmøte med lag og organisasjonar nyleg.

Folk i sal. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

Dei årlege dialogmøta er lagt opp etter "ABCD"-metoden med gruppearbeid. Etter ordføraren si velkomsthelsing informerte  initiativtakarar Cecilie Skjøtskift og Anita Hellen Morlandstø om tiltaket Folkehelsedag i sentrum 2. juni i år. Dei oppmoda lag og organisasjonar til å vere med å bidra til at ein slik dag kunne vere med å samle Bømlo, og gi ein presentasjon/oversikt over kva Bømlo har av tilbod.

 

- Bruk Lagsmodulen

Forsamlinga fekk ei kort orientering om Lagsmodulen på kommunen si heimeside, med oppfordring om at alle bør registrere seg der for slik å kunne ha ei oversikt over tilbodet som er på Bømlo. Reisepolicy til lag og organisasjonar ligg der også, ei brosjyre på nettsida som kan nyttast av alle. Tiltaket er i samband med at kommunen no er godkjent som trafikksikker kommune.


Det vart vidare informert om Gode nærmiljø i alle grender på Bømlo – ei forlenging av nærmiljøprosjektet som Rubbestadneset, Moster og Espevær har deltatt på. Deretter var det idemyldring/gruppearbeid og folkehelsedag i sentrum på bordene.


Spørsmål til diskusjon

  • Kva er det du/din organisasjon bryr seg om som gjer at du/de vil vere med/bidra på sentrumsdagen 02.06.18
     
  • Kva eigenskapar og evner og engasjement har du/din organisasjon som du/de kan bidra med? 
     
  • Kva forslag har du/de til kva dagen skal innehalde av ulike aktivitetar og hendingar?

 

Mange innspel kom inn som vil bli tatt med vidare i arbeidet med folkehelsedag i sentrum 02.06.18. Det møtte 62 personar til dialogmøte, noko som er ny rekord. Både politisk og administrativ leiing var til stades og tilgjengeleg for spørsmål og innspel. 

 
Presentasjon på storskjerm. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete To personar har ordet. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 14.02.2018 16:11
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering