Folkehelsa i Bømlo 2017

Folkehelseinstituttet har nyleg publisert Folkehelseprofil 2017 for Bømlo kommune. Me kjem godt ut på mange felt, til dømes særs god og sikker vassforsyning og kvalitet på drikkevatn. Av utfordringane er mellom anna lesedugleiken i 5. klasse.

Folkehelseprofil 2017 (Folkehelseinstituttet) - Klikk for stort bilete

Folkehelseprofil 2017 for Bømlo kommune syner at me kjem godt ut på:

  • Færre med låg inntekt
  • Færre born med einslege forsørgjarar enn resten av landet
  • Framleis lågt fråfall i vidaregåande skule
  • Færre ungdomar som har rusa seg (tal frå Ungdata)
  • Høgare forventa levealder for kvinner
  • Mindre skilnad i levealder mellom lågt og høgt utdanna
  • Særs god og sikker vassforsyning og kvalitet på drikkevatn

 

Av utfordringar ser me at me må jobba med:

  • Lesedugleik i 5. klasse
  • Antibiotikabruken i kommunen er høgare enn i landet som heilskap, målt etter antal utleveringer av antibiotika på resept per 1000 innbyggjarar
  • Vaksinasjonsdekning på meslingar er låg

 

Les meir om folkehelse i Bømlo kommune

Sist endra 14.02.2017 12:28
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
Folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering