Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 23.05.18 og inntil vidare - brannsjefen.

Folkehelseundersøkinga 2018

I samarbeid med Folkehelseinstituttet gjennomfører Hordaland fylkeskommune no ei stor folkehelseundersøking. I første omgang er 2000 hordalendingar inviterte via SMS eller e-post. 

To gutar på kjelke klar for nedoverbakken. Foto. (Simon Knutsson Sortland) - Klikk for stort bilete

- "Fleire gode leveår der du bur" er målet for Hordaland fylkeskommune sitt folkehelsearbeid. Men vi må vite korleis du har det i dag, slik at vi kan legge til rette for ei god folkehelse i fylket. Difor gjennomfører vi no ei stor folkehelseundersøking i Hordaland, i første omgang med 2000 inviterte over 18 år. Så vil ytterlegare omlag 65.000 innbyggarar få invitasjon til å delta når hovudundersøkinga blir gjennomført i april i år, seier
spesialrådgjevar Aina Haugstad ved regionavdelinga.


Verdifulle svar

Spørreskjemaet kan besvarast frå smarttelefon, nettbrett eller pc. Deltakarane kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk. Dei som blir inviterte i denne runden får og moglegheit til å komme med tilbakemeldingar på opplevinga av undersøkinga, sidan det er første gong alle spørjeskjema er elektroniske. Dette blir ikkje mogleg i hovudundersøkinga. Alle svara er verdifulle og blir ein del av hovudundersøkinga.

 

- Vi er svært takksame for deltakinga slik at vi kan legge til rette for ei god folkehelse i Hordaland, seier Haugstad.


Les mer om undersøkinga på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Sist endra 05.02.2018 09:29
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering