Folkerikt møte om skulebruksplanen på Moster

Over 100 personar møtte fram for å få med seg folkemøtet om skulebruksplanen og andre aktuelle tema for bygda i gymsalen på Moster skule tysdag kveld. Det er sterke kjensler og eit stort fleirtal er i mot å flytta ungdomssteget til Bremnes, men det vart ein sakleg debatt. Kommunedirektøren si orientering om andre saker syner at det er mykje som skjer på Moster i dag og dei næraste åra framover.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund presenterte skulebruksplanen 2021-2036 og gjorde greie for hovudtrekka i denne. Ein felles ungdomsskule frå 2024 som mellom anna inneber at ungdomssteget på Moster vert flytta til Bremnes vart naturleg nok hovudtema for dei frammøtte. Blant dei mange engasjerte som tok ordet var leiaren i Foreldresamarbeidsutvalet (FAU) og leiar i elevrådet Bjarte Tjensvoll ved Moster skule. Begge presenterte saklege argument både for og i mot, og fekk applaus frå salen.

- Kommunen må sjå på skulestrukturen for å få ei meir berekraftig drift når elevtalet går ned, og då må både økonomi, fagtilbod, sosialt miljø og rekruttering vurderast. Administrasjonen gjer sine tilrådingar, men det er politikarane som avgjer til slutt. I kveld ynskjer me dykkar innspel, og me er glade for det store engasjementet de syner for skulen og bygda, seier Bjørklund. Han oppmoda dei til å kome med sine innspel, og minna om høyringsfristen som er 6. mars 2022.

Skulebruksplanen i Bømlo kommune 2021-2036

Stor aktivitet

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte om ny veg, reguleringsplanar, omsorgsbustadar, nytt legesenter og spørsmålet om ny fleirbrukshall på Moster. Han nemnde den store aktiviteten i forkant og etterbruk av riksjubileet Moster 2024 og Moster amfi, planar på industriområdet Serklau og i Mosterhamn, vegprosjekt i samband med Bømlopakke II, planane for nye omsorgbustadar og kva det nye legesenteret betyr og korleis mostringane kan gå fram for å få realisert ein ny fleirbrukshall.

- Det er mykje som skjer på Moster, og som vil skje på Moster framover. Det er viktig at bygda engasjerer seg, og så må me som er dykkar folkevalde prøve vårt beste for å ta avgjerder som tener både Moster og heile bømlosamfunnet, avrunda ordførar Sammy Olsen.

gut med mikrofon snakkar til forsamling - Klikk for stort bileteElevrådsleiar Bjarte Tjensvoll heldt innlegg etter kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund hadde presentert skulebruksplanen på folkemøtet i gymsalen på Moster skule. Simon Knutsson Sortland  

Til toppen