Førebygging av legionellasmitte i heimen

Faren for å bli smitta av legionellabakterier er liten. Du kan sjølv gjera enkle tiltak for å redusera faren ytterlegare.

rennande vatn i dusj med shampoofflaske - Klikk for stort bileteDusjen heime er truleg den mest vanlege smittekjelda for legionærsjukdom i Norge. Simon Knutsson Sortland

Legionella er ein bakterie som lever i fuktige miljø i naturen. Bakterien trivst best i vatn mellom 20 og 50 grader, og døyr om vatnet er varmare enn 70 grader. I kaldt vatn vil bakterien ikkje trivast. Talet på legionella-bakteriar kan derimot auke kraftig inne i vassrøyr og i andre fuktige innretningar når tempera-turen i vatnet er mellom 20 og 50 grader, og det står stille eller renn sakte.

Sjukdom grunna Legionella-bakteriar er svært sjeldan. Bakteriane kan i visse høve gi alvorleg lungesjukdom (legionærsjukdom) dersom ein pustar inn små vassdropar (aerosoler) som inneheld bakteriar. Eldre, røykarar og menneske med nedsett immunforsvar på grunn av sjukdom er i særleg risiko for å bli sjuke. Dusjen heime er truleg den mest vanlege smittekjelda for legionærsjukdom i Norge. Andre innretningar som dannar aerosolar kan òg vere smittekjelder (t.d. sprutflasker for å vatne blomar og luftfuktarar). Legionella smitter ikkje mellom menneske. 

Tiltak som førebyggjer legionella: 

  • Varmtvasstanken bør halde ein temperatur på 70 gr. Det må vegast opp mot risikoen for brannskadar, særleg dersom det er reine varmtvasskranar i huset, og ikkje termostatstyrte blandebatteri (i så fall bør ein bytte dei ut). Dersom varmtvasstanken har vore skrudd av i kortare eller lengre tid må vatnet ikkje nyttast til dusj før vatnet i tanken har nådd 70 gr. 
  • Dersom det lar seg gjennomføre utan risiko for å bli skålda, bør ein skylje gjennom dusjen med varmt vatn regelmessig, t.d. ein gong i veka. 
  • Dersom dusjen ikkje har vore nytta på meir enn ei veke, bør den spylast igjennom med varmt vatn i minst 2 minutt. Skru termostaten på maks varme og hald dusjhovudet nær avløpet. Ved mistanke om auka risiko, t.d. etter lengre pause i bruk, kan ein spyla vatnet ut under vassoverflata i ei bøtte med vatn, for å sikre at innanding av bakteriar ikkje kan skje. Hugs å stille termostaten til passe varme etter spyling, før dusjen blir teke i bruk. 
  • Ved lengre fråvær frå huset, eller dersom dusjen ikkje skal nyttast av andre grunner, kan ein skru av dusjhovud og slange, reingjere og lagre tørt. Legionella veks berre i fuktig miljø. 
  • Dersom dusjen har stått ubrukt meir enn 2 veker bør ein gjere følgjande: Dusjslangar og –hovud demonterast og desinfiserast med hushaldningsklor. To korkar til 10 liter vatn er tilstrekkeleg styrke. Heile dusjslangen og hovudet skal vere fylt med denne blandinga. La det stå i 30 minutt. Spyl godt gjennom for å få ut klorrestar og løyst slam, før utstyret blir montert og teke i bruk på nytt. Dusjflaskar for planter kan desinfiserast på same måten. 

Du finn meir informasjon på nettsida til Folkehelseinstituttet 
 

Til toppen