Førehandsrøysting frå 10. august

Hovudmanntalet for Stortings- og Sametingsvalet 2017 ligg til offentleg ettersyn på hovudbiblioteket og i kundetorget på rådhuset. Alle som av ulike årsaker ikkje har høve til å røysta på valtinget søndag 10. september eller måndag 11. september, kan røysta på førehand frå og med torsdag 10. august og fram til og med fredag 8. september. 
 

Førehandsrøysting. (Ill.foto.) - Klikk for stort bilete

Tidleg førehandsrøysting

I perioden 1. juli til 9. august er det tidleg førehandsrøysting og då er det ikkje ordinære røystesetlar, men ei partiliste. Ordinære røystesetlar vil vere tilgjengeleg når ordinær førehandsrøysting opnar 10. august.


Dersom du førehandsrøyster, kan du stemme i alle kommunar i landet frem til fredag 8. september. Røysta di blir då sendt til heimkommunen din.


Du kan førehandsrøyste i Kundetorget i rådhuset i tidsrommet 1. juli  - 8. september.


Opningstider Kundetorget:

Måndag-fredag 08.30-14.30

Tlf.: 53 42 30 14

 

Valkort

Det blir sendt ut valkort til alle som kan røyste i Bømlo kommune, dette blir gjort før førehandsrøystinga startar 10. august.


På valkortet går det fram kva krets du høyrer til. Ved førehandsrøysting  i kommunetorget og i vallokalet på valdagen er det fint om du tar med valkortet.

 

Korleis røyste, tid og stad

Slik går du fram for å førehandsrøysta, samt tid og stad for førehandsrøysting ved Stortings- og Sametingsvalet 2017 i Bømlo kommune:


1. Ta med legitimasjon


2. Møte fram i rådhuset eller i eitt av dei andre lokala som er godkjende for førehandsrøysting


3. Ta kontakt med dei som sit i skranken. Her får du informasjon og rettleiing, og om nødvendig, hjelp til å røysta. Røystesetlar (vallister) er utlagde i avlukka. 


4. Hovudlokale for førehandsrøysting skal vera kundetorget i rådhuset etter følgjande opningstider:
 

 10. august – 25. august

 Måndag – fredag

 08:30 – 14:30

 28. august – 7. september

 Måndag - fredag

 08:30 - 18:0

   2. september

 Laurdag

 10:00 – 15:00

   8. september

 Siste dag for  førehandsrøysting

 08:30 - 20:00

 

Førehandsrøysting på institusjonane:          

 Bømlo helsehus

 Måndag 28. august

 10:00  – 13:00

 Bømlo omsorgstun

 Tysdag 29. august

 10:00  -  1600

 Moster servicesenter

 Onsdag 30. august

 10:00  – 16:00

 

Førehandsrøysting i heimen

Personar som av ein eller annan grunn ikkje kan møta på valtinget eller oppsøkja ein mottaksstasjon for førehandsrøyster, kan be om å få røysta heime (eller ein annan stad vedkomande oppheld seg).

 

Vedkomande må personleg eller ved hjelp av ein annan person (t.d. pårørande eller nabo) søkja om å få røysta heime. Søknadsfrist er 4. september.

 

Ta kontakt med valstyret sin sekretær, Jorunn Alise Steinsvåg, tlf. 53 42 30 22, for nærare opplysningar.

 

Meir informasjon finn du under Val 2017 - Stortings- og Sametingsvalet

Sist endra 10.08.2017 10:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 22
Mobil:
959 02 246
Tittel:
avdelingsleiar/formannskapssekretær
Bunnhjørne
 
Login for redigering