Forlengja saksbehandlingstid i byggjesak

Byggjesaksavdeling skal i løpet av januar 2022 gå over til det nye saksbehandlingssystemet Elements Ebyggesak. Innføringa av systemet medfører at me i ein periode forventar ei forlenga saksbehandlingstid. Dette vil publikum kanskje særleg merkja no i første kvartal.

Dette nye fagsystemet følgjer KS sin nasjonale kravsspesifikasjon for byggjesaksbehandling og inneheld blant anna dei nasjonale sjekklistene Direktoratet for byggkvalitet har utvikla for ulike typar byggjesøknader. 

Det nye fagsystemet er meir framtidsretta og betre tilpassa til å ta i mot digitale søknader. Me vil difor oppmoda alle om å ta i bruk dei ulike søknadsløysingane som finns i marknaden. Sjekk her: https://dibk.no/verktoy-og-veivisere/andre-fagomrader/fellestjenester-bygg/tjenestene/tjenester-for-proffbrukere/

Alle prosedyrane våre, malar og rutinar må no leggjast om. Me bed difor om forståing og tolmod med oss dersom du opplever at me brukar for lang tid på nettopp di sak.

 

Til toppen