Formannskapet gjekk for ny brannstasjon

Fleirtalet i formannskapet gjekk inn for å løyve 8 millionar kroner ekstra for å få bygd ny brannstasjon på Prestebustadtomta. Høgre og FrP ville avlysa anbodskonkurransen og heller gå inn for eit nytt beredskapssenter plassert i Hollundsdalen, og heller bruka sentrumstomta til grøntareal eller helseføremål.

Saksframlegg i Formannskapet 27.01.2022

Fleirtalet i formannskapet (Ap, V, Krf og Sp) røysta for tilleggsløyvinga på 8 millionar kroner i tillegg til tidlegare godkjend ramme på 51,8 millionar kroner. Om kommunestyret føl fleirtalsinnstillinga frå formannskapet i sitt møte 14. februar vil det bli bygd ny brannstasjon på Prestebustadtomta i Svortland sentrum. Samtlege som tok ordet i debatten var samde om at Prestebustadtomta ikkje er den ideelle løysinga, men fleirtalet ville ikkje gå inn i ein ny debatt om å utvida frå brannstasjon til beredskapsenter for heile kommunen og dermed ein ny og tidkrevjande lokaliseringsdebatt.  

- Det er ingen kostnadsreduserande argument i Høgre sitt framlegg, heller tvert om. Skal me ha ein ny plasseringsdebatt kan me ikkje låsa oss til tomter i Hollundsdalen. Ei anna plassering vil uansett medføra kostbare ombyggingar i Bømlo bu- og helsesenter til avbøtande brannførebyggjande tiltak, meiner Jalle Bråthen (Ap).

Morten Helland (KrF) som fremja utsetjingsframlegget i kommunestyret meinte saka no er godt nok opplyst til at dei kan gjere eit forsvarleg vedtak. Han fremja eit tilleggspunkt til kommunedirektøren sitt framlegg om å vurdera å nytta opsjonen om passivhusstandard med solcelleanlegg som vart samrøystes vedteke.

fasadeteikning brannstasjon - Klikk for stort bileteTeikning ny brannstasjon Svortland sett frå nordvest. Omega Areal AS  

Strøymer kommunestyremøter

Formannskapet vedtok samrøystes å flytta møtetidspunkta for kommunestyremøta fram til klokka 16.00 mot i dag som er klokka 18.00. Dei tolkar og vedtaket slik at utvala sjølv kan fastsetje sine møtetidspunkt. Dei tilrår også kommunestyret om å vedta at strøyming og opptak av møter i folkevalde organ må vedtakast særskild for kvart møte. I praksis betyr dette at berre kommunestyremøta vert strøyma fast på kommunetv. Ei anna viktig endring grunna krav til universell utforming er at alle opptak av møter i folkevalde organ skal slettast innan 14 dagar. Opptak som allereie ligg lagra, og har vore lagra i 14 dagar eller meir, skal slettast.

Formannskapsmedlemene tok vel imot kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal si orientering om legesituasjonen og organisering av denne tenesta. Mellesdal fortalde mellom anan om ulike driftsformer, rekrutteringsutfordringar og planane for eit nytt storlegesenter i Svortland sentrum. Prosjektleiar John Nordseth Nesse svara på spørsmål frå Anne T. Johannessen (FrP) om framdrifta for Kysthytta som er i god gjenge.

Orienterte om koronasituasjonen

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte formannskapet om sjukefråver, rekneskap og skatteinngang, koronasituasjonen, Bømlopakke II med meire. Dei to siste månadane har sjukefråveret vore unormalt høgt. Saman med høgt smittetrykk og reglane for karantene og andre tiltak merkar kommunen no dette godt, særleg innanfor oppvekst, kultur og idrett. 

- Det er utfordrande for både kommunen som offentleg tenesteytar og innbyggjarane å innrette seg til ein situasjon og eit omfattande regelverk som stadig er i endring. Vaksineringsordninga fungerer godt. 91,8% av bømlingane over 16 år hadde pr 21. januar fått 2 dosar vaksine. Me kjem snart ut med informasjon om kva tilrådingar som blir gitt iht vaksinasjon av barn, påpeika kommunedirektøren. 

Til toppen