Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Første registrerte smittetilfelle

Smittevern- og kommuneoverlege Kjersti Helen Follesø. Portrett. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Onsdag 18. mars fekk me svar på ein prøve som testa positivt på Covid-19-viruset, stadfestar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. Dette er det første tilfellet av koronasmitte registrert i kommunen.

Leiinga i kommunen innførte onsdag 18. mars ein del nye tiltak for å redusera smittespreiing.

  • Alle legekontor stengjer dørene – sjå under Legetenester for meir informasjon
  • Kommunen vil ikkje ta brukarbetaling for tenester som ikkje vert levert.
  • Tolke- og informasjonsteneste retta mot innvandrarfamilar, primært frå Arabisk/-Tigrinja- talande land, er under etablering i regi av Bømlo vaksenopplæring og NAV
  • Koronatelefon 913 41 561 i Bømlo for luftvegsplager og spørsmål kl. 08.00-22.00 på kvardagar operativ frå torsdag 19. mars.

Tidlegare i veka vart det bestemt at Trekantsambandet vert halde ope, men Bømlo kommune oppmodar om at fritidsreiser vert avgrensa så langt som råd er. Bømlo kommunestyre sitt møte måndag 23. mars er utsett i to veker.

 

Sjå også Restriksjonar mot koronasmitte med presiseringar frå Bømlo kommune:

Rettleiar om restriksjonar mot koronasmitte - oppdatert 17.03.20 (PDF, 140 kB)

Sist endra 19.03.2020 12:30
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering