Første spadestikk Notland-Mosterhamn

Ordførar Morten Helland var på heimebane då han fekk æra av å ta første spadestikk i vegprosjektet Notland-Mosterhamn torsdag 11. januar. - Dette er viktig for trafikktryggleiken og inngangsporten til Moster sentrum og industriområdet på Serklau, sa Helland før han med kyndig hand handterte grabben på gravemaskinen.

mann bak spakene i gravemaskin - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland fekk æra av å ta første spadestikk i prosjektet Notland-Mosterhamn. Simon Knutsson Sortland

Tele i bakken gav motstand, noko som kanskje var litt symbolsk for prosjektet i Bømlopakke 2.  - Det har ikkje berre vore enkelt fram mot dagen i dag, men me har funne vegen forbi alle problema me har møtt, understreka prosjektleiar John Nordseth Nesse hjå byggherre Vestland fylkeskommune. Han takka alle sine kollegaer og for det gode samarbeidet med Finnås Kraftlag og BVA. 

- Ha tolmod i starten

- Det blir verre før det blir betre, påpeika Nesse. Eg vil difor be alle trafikantar som til dagleg vil bruka vegen her om å vera tolmodige, særleg i januar og februar då de må forventa litt venting og kø i samband med anleggsarbeidet.  

Etter ordføraren si oppvisning i gravemaskinen vanka det kaffi og gode boller frå Viergo til dei frammøtte. Prosjektet er rekna ferdigstilt ved årsskiftet 2024/2025.  Vestland fylkeskommune (VLFK) har tildelt kontrakten på FV542 Notland-Mosterhamn til Vassbakk & Stol. Kontraktssummen er på 75,7 millionar kroner inkludert meirverdiavgift.Denne summen inkluderer arbeid for VLFK, Bømlo vatn- og avløp, Finnås kraftlag og Bømlo kraftnett. 

Følg prosjektet Notland-Mosterhamn på Facebook

Til toppen