Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Første spadetak for dagsturhytta

Øyvind Ørjansen tek første spadetak 22. september med minigravaren på tomta der dagsturhytta i Bømlo kommune skal stå klar vonaleg i løpet av oktober månad.

Første spadestikk dagsturhytte Goddo. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Minigravaren og utstyr vart floge inn med helikopter no i helga. Sjølve hytta vert floge inn i modular og montert i oktober, om alt går etter planen, opplyser prosjektsjef John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.

 

Dagsturhytta i Bømlo kommune vart av kommunestyret måndag 22. juni  vedteke plassert på Barmane ved Goddo. 

 

Kommunen har hatt ein kampanje på Facebook for å få inn namneforslag. Me vil kunngjera namnet snart og forslagsstillaren vil få ein refleksvest i gåve frå Bømlo kommune.

Sist endra 22.09.2020 11:10
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
E-post:
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering