Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Førstemann til skogbrann – kva gjer du?

Dei første minutta av ein brann er ofte utslagsgjevande for den vidare utviklinga av brannen. Difor er det viktig at du handlar raskt og riktig. Dei fleste skogbrannar skuldast menneskeleg aktivitet og bålbrenning og grilling er blant dei vanlegaste årsakane. 

ILL_skogbrann-Moster april 03-3.JPG - Klikk for stort bilete

1. Varsle brannvesenet på nødnummer 110 om brannen. Fortel kven du er og gje beskjed om korleis du kan kontaktast. Beskriv tydeleg kvar du er og møt gjerne brannvesenet for å vise veg fram til brannstaden.

 
2. Medan du ventar på hjelp kan du starte sløkkjearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området dersom du er usikker.
 
3. Brekk eller høgg av eit lite løvtre på cirka to meter. Fjern kvistar nedanfrå til du sit igjen med ein dusk i toppen. Ikkje slå, men prøv å børste flammane tilbake. Du kan også bruke sand eller tepper for å forsøke å kvele flammane. Er det vatn og bøtter tilgjengeleg, er det berre å pøse på.
 
4. Sjølv om du klarar å sløkkje branntilløpet, er det viktig at brannvesenet kjem til staden for å drive tilstrekkeleg ettersløkking. Ved skog- og lyngbrann kan det brenne i jordsmonn, maurtuer og liknande som lett kan flamme opp igjen ved eit lite vindpust.
 
 

Forbod mot open eld

For å unngå å starte ein skogbrann sjølv: hugs det generelle bålforbodet som gjeld mellom 15. april og 15. september. 
 
 
 
 
Sist endra 23.06.2020 14:34
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
E-post:
Tittel:
brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering