Frå auka forskjellar til berekraftig samfunn

Denne veka har folkehelsekonferansen vore arrangert på Hamar. Bømlo kommune var tilstades og heldt innlegg.

Den nasjonale Folkehelsekonferansen er ein viktig nettverks- og læringsarena for alle som er opptatt av helse, trivnad og levekår. På konferansen var det representantar for stat, fylke, kommune, forskingsmiljø, politiske parti og frivillige organisasjonar. 

Frå Bømlo reiste kommunelege, rådgivar for folkehelse og frivilligheit, leiar for barne- og familietenesta, fagansvarleg for skulehelsetenesta og leiande helsesjukepleiar.

På forkonferansen "Pynt eller prinsipp - involvering av unge i folkehelsearbeidet" heldt rådgivar for folkehelse og frivilligheit innlegg om korleis me jobbar med involvering av unge i Bømlo. Me fekk også høyra interessante føredrag frå ulike hald, diskutera i grupper og til slutt gi innspel til folkehelsemeldinga regjeringa kjem med våren 2023.  

Presentasjon om involvering av unge i Bømlo (PDF, 3 MB)

Sjølve folkehelsekonferansen hadde ein kombinasjon av plenumsforedrag og parallelle sesjonar. Dag 1 på konferansen var overskrifta "Frå auka forskjellar til berekraftige samfunn" medan dag 2 hadde overskrifta "Samspel og samskaping". 

Bømlo hadde levert inn abstract saman med Cormac Russell med tittelen "When the digital assets need to play a bigger role". Rådgivar for folkehelse og frivilligheit fekk presentera korleis me tilpassa vårt arbeid med folkehelseprogrammet under pandemien under parallellsesjonen Gode eksempler på samfunnsplanlegging og systematisk folkehelsearbeid

Presentasjon om når dei digitale hjelpemidla må spela ei større rolle -Frå tekniske verktøy til digitale ressursar (PDF, 5 MB)

Til toppen