Framleis folkevekst

Bømlo hadde pr. 1. januar 2019 eit innbyggjartal på 11.960 personar, ein auke på 58 personar eller 0,5 prosent i høve starten av 2018. Stord har ein tilbakegang på 0,4 % eller 81 personar og tel no 18.699. 

Deltakarar og tilsette ved BVO 2017. Gruppebilde. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Blant dei andre sunnhordlandskommunane var det kun Fitjar og Austevoll som hadde befolkningsvekst med høvesvis 7 og 23 personar, til 3.201 og 5.212 innbyggjarar. Kvinnherad fekk ein tilbakegang på 43 personar til 13.137. Tysnes er no 2.846 innbyggjarar, ein nedgang på 11 siste året. Sveio er framleis 5.721, og Etne hadde ein tilbakegang på 6 personar og tel no 4.077.

 

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal om befolkningsvekst syner at Norge hadde 5.382.212 innbyggjarar pr. 1.1.2019. Hordaland fylke tel 524.495 personar, ein vekst på 0,4% siste året. Forventa befolkningsvekst i Bømlo tilseier at me tel 12.589 inbyggjarar i 2030, og i 2040 vil me vere 13.244 bømlingar om SSB sine kalkylar held stikk.

 

Her finn du SSB Kommunefakta for Bømlo

 

Utviklinga i alderssamansetnaden av innbyggjarane i Bømlo siste året, perioden 2012-2019 og 1999-2019 ser du på biletet Bømlo kommune under. Andre interessante opplysningar om endringar i befolkninga, utdanning, kommunal bruk av pengar pr innbyggar med meire finn du ved slå opp på lenkja Kommunefakta for Bømlo.

 
folketal Bømlo grafikk 2019_SSB.png - Klikk for stort bilete innvandrarbakgrunn og befolkningsendring 1.1.19_ssb.png - Klikk for stort bilete Befolkning i Hordaland pr. 1.1.2019.jpg - Klikk for stort bilete Befolkning Bømlo pr. 1.1.2019.jpg - Klikk for stort bilete
Sist endra 01.03.2019 10:06
Fant du det du leitte etter?