Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Fryktar utbrot av Covid-19

Kjersti Follesø - smittevernlege. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

-  Når me no reiser meir på tvers av kommunegrenser, aukar risikoen for smittespreiing. Difor må me framleis halda på smittevernreglar om sosial avstand og god hygiene, oppmodar smittevernlege Kersti Follesø i Bømlo kommune.  

To personar i smittevernutstyr for testing av Covid-19. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunelegen opplyser at helsemyndigheitene ser det som sannsynleg at Norge vil få lokale utbrot med covid-19. For å unngå at me får eit nasjonalt utbrot, må lokale utbrot handterast gjennom testing, isolering, smitteoppsporing og karantene samt lokale, målretta smitteverntiltak. I tillegg er god informasjon ut til befolkninga viktig.

 
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har utarbeida informasjonsmateriell på opptil 24 ulike språk for å informere og gi råd til tilreisande/turistar, utanlandske arbeidstakarar og norske arbeidsgjevarar.
 

Strategien fremover for å kjempa mot smittespreiing utan å stengje ned samfunnet er det myndigheitene kallar «TISK» - teste, isolere, smittesporing, karantene - som legg opp til at alle med akutte luftvegssymptomer uavhengig av alvorlighetsgrad skal testast. Alle som testar positivt skal isolerast, og alle smittekontaktar sporast opp, testast (gjentatte ganger) og eventuelt setjast i karantene. 

 

Koronatelefon Bømlo: 53 42 30 01

 

Sommarhelsing frå smittevernlegen i Bømlo

 

 

Aktuelle nettsider for informasjon

Generell informasjon og enklaste inngang til meir spesifikk informasjon for publikum:

https://helsenorge.no/koronavirus

 

Informasjon til personar som får gjester frå utlandet:

https://helsenorge.no/koronavirus/til-deg-som-f%c3%a5r-bes%c3%b8k-fra-utlandet

 

Informasjon på andre språk til personar i risikogruppen (på arabisk, fransk, polsk, somali, spansk, tamil, tigrinja, tyrkisk, urdu, vietnamesisk):

https://helsenorge.no/koronavirus/informasjon-pa-andre-sprak

 

Generell informasjon om koronavirus, hold deg oppdatert (24 språk i same dokument),  pluss informasjonsark og videoar på 24 språk:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/infomateriell/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

(også lenke til denne sida frå HelseNorge).

 

Plakatar og informasjonsskriv til turistar/tilreisande:

https://www.helsedirektoratet.no/brosjyrer/informasjon-til-de-som-ankommer-norge-covid-19


Plakat nynorsk (PDF, 109 kB)

Poster in english (PDF, 96 kB)

 

På same nettadresse ligg:

  • Informasjon til dei som jobbar med reisande (norsk og engelsk)
  • Informasjon om generelle smitteverntiltak (norsk, engelsk, fransk, italiensk, litauisk, polsk, russisk, spansk, tysk)
  • Informasjon til utanlandske sysselsette på korttidskontrakt (norsk, engelsk, filippinsk, litauisk, polsk, rumensk, russisk, serbisk, thai, ukrainsk, vietnamesisk)
  • I tillegg oppdatert informasjon om innreisereglar, reiseråd og karantenereglar.
 

 

 

 

 

 

Sist endra 09.07.2020 15:26
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering