Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

Går samla vidare

Trass stor usemje og eit kommunestyre delt på midten i saka om revidert Bømlopakke II klarte dei etter ein lang og konstruktiv debatt å samla seg om eit breitt fleirtal om vegen vidare. 

Fleirtalet gjekk for kommunedirektøren sitt framlegg med nokre justeringar. Oppsummert inneber vedtaket at Vestland fylkeskommune skal jobba vidare med ei alternativ løysing med innkrevjing som i dag ved Spissøy og ferja Langevåg-Buavåg. Utkast til proposisjon skal ferdigstillast seinast i august for handsaming i Stortinget i oktober 2021. Om det ikkje let seg gjera, skal proposisjonen basert på 2018-vedtaket med bomringen rundt Svortland sendast til Stortinget.

Prøverøysting

Mange av dei 27 representantane i kommunestyret tok ordet, og alle ville ha vegane ferdigstilt. Å få eit breiast mogleg fleirtal var også viktig. Difor vart det lagt opp til ei prøverøysting for å klargjere kvar fleirtalet låg.

Unni Seim (SV) la fram forslag om at proposisjonen til Stortinget skulle vere basert på vedtaket frå 2018, noko som inkluderer fire bomstasjonar rundt Svortland sentrum. Anne Beth Njærheim (V) fremja eit kompromissforslag med eit bominnkrevjingspunkt i Hollundsdalen. Under prøverøystinga falt Venstre sitt framlegg mot ei røyst. SV sitt framlegg fell med 13 mot 14 røyster for kommunedirektøren sitt framlegg. 

Breitt fleirtal

Torunn Laurhammer (Ap), som røysta med mindretalet i prøverøystinga, la etter gruppemøte fram tilleggspunkt til kommunedirektøren sitt framlegg for å kunne sikra det breiast mogleg fleirtal. Det inneber spesifiserte strekningar på reservelista: Totlandsvegen-Grindheimsvegen, Laurhammarkjosen-Olakjosen og punktutbetring på Grønnevik-Sakseid. Vidare eit punkt som seier at dersom nye innkrevjingsløysingar kjem i perioden skal desse vurderast. Det vart punktvis avrøysting i det justerte framlegget med åtte punkt.

Samling og respekt

Ordførar Sammy Olsen brukte tid innleiingsvis på å ta opp ei meldingssak frå Vest politidistrikt som går på førebygging av hatefulle ytringar og trugslar retta mot politikarar og andre samfunnsdebattantar. Sverre Hagerup Sørensen (Ap) følgde særleg opp dette i ein kjensleladd appell der han bad alle om å diskutera politikk, ikkje gå til personangrep og å stå opp for kvarandre. Hans klare melding var at eit slikt debattklima me har opplevd i det siste ikkje er slik me vil ha det.

Fleire andre representantar tok også til orde for at me måtte no samla oss som bømlingar og ikkje la bygdestrid hindra oss i vår utvikling framover. Dette bidrog til å skapa ein god og konstruktiv debatt i ei svært vanskeleg sak.

Ny sjåarrekord

Engasjementet rundt denne saka har vore enorm, noko både kommentarfelta i sosiale media, lesarinnlegg i Bømlo-nytt og ikkje minst sjåartala til Bømlo kommune-tv syner. Heile 2858 personar fylgde den over tre timar lange direktesendinga på Bømlo kommune-tv . Då saka var oppe i kommunestyremøtet 22. mars var det 1546 sjåarar.

Her kan du sjå kommunestyremøtesendinga måndag 10. mai 2021 i opptak

Til toppen