Generelt bålforbod til 15. september

I perioden 15. april til 15. september gjeld generelt bålforbod i Norge. Det betyr at det ikkje er lov å tenne opp bål, grill og eingangsgrill i, eller i nærleiken til, skog og all anna utmark. 

St. Hans bål - Klikk for stort bilete

- Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann. Det er forbode å gjera  opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt. Dette er reglar som gjeld heile året, opplyser brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.

 

Ring vakttelefon 958 48 007 dersom du lurer på noko angående forbodet.

 
MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.
 
I periodar med særskilt stor brannfare kan kommunen innføra forbod mot å gjera opp eld i bestemte område utanfor tidsrommet 15.04 til 15.09. Det er likevel høve til å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføra brann.
 
«Å  gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfatter eksempelvis bruk av eingongsgrillar og andre bål og peisinnretningar. Oppsending av skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av omgrepet.
 

Tips om bål- og grillvettregler frå Norsk Friluftsliv

Sist endra 15.04.2019 11:25
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
Tittel:
Brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering