- God miks i dette utvalet

Utval for areal og samferdsle har ein god miks av lang politisk røynsle og ungdommeleg pågangsmot. Engasjement, vilje til å ta ansvar og å vere der avgjerdslene blir tekne er fellesnemnaren for vår yngste kommunestyrerepresentant og leiarduoen i «teknisk». 

to ungdomar og eldre mann - Klikk for stort bileteErfaring og ungt pågangsmot i utval for areal og samferdsle representert ved utvalsleiar Christer Agasøster (H) (midten). utvalsmedlem Marianne Steinsvåg Tollaksvik (FrP) og nestleiar Karsten Sigve Fylkesnes (KrF). Simon Knutsson Sortland

Christer Agasøster (33) er førstereisgut i kommunestyret men fekk likevel tillit av Høgre-skuta til å vere kaptein i utval for areal og samferdsle. Bygningsmannen med jobb i Bremnes Seashore fekk dermed sukra vervet i utvalet han helst ville sitje i. Det er her gravemaskinane er og der bygningsarbeidet skjer, noko som alltid har fascinert bremnesingen. Han leia sitt første møte den 15. november med stø hand.  

Spennande utval

- Eg forstår det slik at det ikkje har vore vanleg å starta opp med ein presentasjonsrunde av utvalsmedlemene der dei skal fortelja om kvifor dei engasjerte seg i politikk, kvifor dei akkurat ville i dette utvalet og kva forventningar me har til kvarandre og administrasjonen. Men eg tenkjer er det er bra å reflektere litt over det, og så ynskjer eg at alle utvalsmedlemene tek ei aktiv rolle. Me må ta ansvar og stå for vedtaka me gjer. Sjølv synes eg dette feltet som påverkar så sterkt utviklinga i heile bømlosamfunnet verkar utruleg spennande, og eg likar å vere der avgjerdslene vert tekne, seier Agasøster. 

- Me får ei god oversikt over alt som skjer i kommunen, og teknisk som me seier på folkemunne er eit spennande utval med høg aktivitet, seier nestoren Karsten Sigve Fylkesnes (KrF). 73-åringen vart vald inn i kommunestyret i 1991 og hadde eit par år i kulturstyret før han på midten av 90-talet melde overgang til areal og samferdsle. Den pensjonerte bygningsmannen er nestleiar i utvalet, og er glad for at yngre krefter kjem inn i politikken.

- Eg trur medlemene i kommunestyret før i tida generelt sett var eldre og me var ikkje så mange frå privat næringsliv. No har me fått ein god miks av eldre og yngre menn og kvinner frå både offentleg og privat sektor. Det er ein styrke, så dette blir bra. 

Pågangsmot og røynsle

Noko av det største Fylkesnes var med og vedtok var bygginga av Trekantsambandet som opna i 2001. Då var ikkje kommunestyret og utvalet sitt yngste medlem ein gong født. Nettopp vegbygging var det som fekk Marianne Steinsvåg Tollaksvik frå Finnås til å engasjere seg politisk. Ein samtale med Framstegspartiet sin Anne T. Johannessen gjorde susen, og ho kom høgt på lista til FrP ved kommunestyrevalet i år.

- Eg har alltid engasjert meg, og det er i dette utvalet utviklinga av kommunen vert bestemt. Mange av mine vener og eg sjølv har planar om å bu på Bømlo, og då er det viktig at dei unge si røyst vert høyrt. Eg har lyst å vere med og forma framtida til Bømlo, så dette vert eit spennande utval å vere i, seier den blide 19-åringen.

Dei er alle tre samde i at synfaringar, gode orienteringar frå administrasjonen og å våga å stilla spørsmål vert viktig. I presentasjonsrunden kom det også fram at det var viktig, frå både politikarane og administrasjonen si side, å ikkje lova for mykje føre sakene var handsama. Gjensidig respekt vart også peika på.

Eit stort ynskje var også at det «tunge stammespråket» i sakspapira vert forenkla og klårare, sjølv om det naturleg nok blir mykje tekniske og juridiske detaljar. Ynskjet er forståeleg når dei hadde nær 1900 sider å pløye gjennom før møtet. For i tillegg til vanlege reguleringsplanar var det også store dokument som kunnskapsgrunnlag, kommuneplanen sin arealdel og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel med som meldingssaker.

Sjå saksframlegg og protokoll frå Utval i areal og samferdsle 15.11.2023

politisk møte fleire personar ser mot skjerm - Klikk for stort bileteOrientering frå kommunalsjef Tone Stavland (t.h) i første møte for det nye areal og samferdselsutvalet 2023-2027. Utvalsleiar Christer Agasøster (H) til venstre. Simon Knutsson Sortland
Til toppen