God plan for å møta helseutfordringane framover

- Dette er ein revisjon av planen bygd på erfaringar me har gjort oss dei siste ti år og har teke inn i seg dei utfordringar me ser for oss framover. Me skal i tillegg vedta ein handlingsplan for det komande året med konkrete tiltak som skal prioriterast. Dette har vore ein ryddig, god og lærerik prosess med brei medverknad, konstaterte Jørgen Søvold (H).

Han var den første av representantane som tok ordet under handsaminga av Kommunedelplan helse-sosial-omsorg (HSO) 2023-2033 med handlingsplan for 2023-2024 som vart samrøystes vedteke i kommunestyremøtet måndag 24. april. Søvold påpeika at essensen i planen er at skal me bevara så må me endra. Me vert færre som skal utføra tenester for fleire eldre framover, og sjukdomsbilete vil endra seg mellom anna ved ein stor auke i demenssjuke.

Færre skal ta seg av fleire

- Me vert færre som skal utføra tenester for fleire eldre framover, og sjukdomsbilete vil endra seg mellom anna ved ein stor auke i demenssjuke. Det vert kamp om å få tak i nok arbeidskraft og tøffare økonomiske rammer. Då sit me att med å endra måten me løyser oppgåvene på. Eg vil peika på det som vert kalla samskapingsmodellen. Her ser ein for seg at kommunen, næringsliv og dei friviljuge med fleire i fellesskap skal finna dei beste løysingane. Kommunen gir ikkje frå seg ansvaret dei har for å tilby helsehjelp til dei som treng det når dei treng det. Kommunen må bli endå betre på tilrettelegging overfor friviljuge, pårørande og andre som kan vere med å bidra, understreka Søvold. 

- Rekruttering, kompetanse og arbeidsgjevarpolitikk er sentrale tiltak fordi kampen vil stå om kompetansen og behalda dei me har. Med færre arbeidstakarar må me sjå på heiltidskultur og meir målretta og systematisk på oppgåvedelinga innan helse. Korleis få rett kompetanse på rett plass til rett tid vert sentralt, påpeika Anne-Beth Njærheim (V).

- Me er glade for at kommunestyret har vedteke å delta i programmet "Heilt med" og at det er blitt ein del av handlingsdelen i Kommunedelplan helse-sosial-omsorg 2023-2033, understreka Marita Ådnanes (KrF). Heilt med skal bidra til at personar med psykisk utviklingshemma skal inkluderast i ordinært arbeidsliv.

- Eldre tek ansvar

- Bømlo kommune er ikkje i nokon særstilling i Norge med omsyn til utfordringane som ventar. Men eg er ikkje like sikker på at så mange andre kommunar har hatt eigne budsjettkonferansar der ein tek dette på alvor. Me tar verkeleg tak og lagar planar me skal styra etter, sa Birgit Sønstabø Esperø (KrF).

Ho vil ikkje at det negative fokuset ho følte kom etter budsjettkonferansen i mars skal få vera styra, der det å bli gamal synest å vera noko lite positivt. Esperø peika på at alt heng saman, og synte til næringslivet i Bømlo sin konferanse nyleg der eit stort engasjement og mykje positivt kom fram med tanke på samarbeid med kommunen og andre.  KrF-representanten tok til orde for å slutte med aldersdiskrimineringa, og jobba for generasjonsvennlige samfunn.

- Eg vil særleg dra fram dei friviljuge, både frivilligsentralen og mange andre både yngre og eldre pensjonistar som står på for å skapa sosiale møteplassar for kvarandre på bedehus, turlag og senioruniversitet. Dei trimmar og held seg i vigør, tek ansvar for helsa si, og byggjer om bustadane sine. Dei sit ikkje og ventar på at politikarane skal ordna opp. Men kommunen skal leggje til rette, og vere der når dei treng helsehjelp. Me har gode helsetenester i kommunen. Eg er oppteken av kva me faktisk kan få til saman, og eg opplever eit stort engasjement der ute for at Bømlo framleis skal vere ein god plass å bu.

Valår

- Det er valår. Eg er spent om kommunedelplanen me no skal vedta blir styrande for valprogramma me no skal utforma, og om me klarar gjere gode breie vedtak som står seg  for dei som bur i kommunen vår. Eg vonar planen ikkje vert fåfengt fordi me politikarar kjem med så mange valløfter i haust at me til slutt ikkje veit kva fot me skal stå på. Sønstabø Esperø avslutta med overskrifta til KrF sitt valprogram "Ansvar for kvarandre" og konkluderte med at dette får me til i lag.

Esperø Sønstabø fekk mykje skryt av sine kommunestyrekollegaer for innlegget. Unni Seim (SV) var blant dei, og la til at ho var glad for at så mange representantar tok ordet i saka. 

- Dette er ein god plan kome i stand etter ein god prosess. Eg vil understreka kor viktig førebygging og tidleg rehabilitering er. Seim avrunda med ei bøn om å setje foten ned for deltidsstillingar for å få til ein heiltidskultur innan helsevesenet.

Saksdokument og protokoll kommunestyremøte 24.04.2023

Til toppen