- God plass å vera

- Det er alltid ein god dag når eg får kome hit. Ein nøgd og fast brukar av aktivitetstilbodet Nyving koste seg med kaffi og kaker saman med ordførar Sammy Olsen og mange andre på den offisielle nyopninga fredag føremiddag.

- Me har alle ei psykisk helse, og det å skapa gode møteplassar slik som her på aktivitetstilbodet Nyving er særs viktig. Her får dei meistringskjensle og ein stad å høyre til. Her er ei mengd ulike aktivitetar dei kan ta seg til, helsa ordførar Sammy Olsen før snora vart klippa og den offisielle opninga var eit faktum.

- Det er veldig kjekt at så mange nyttar seg av dette tilbodet, og kjenner eigarskap til staden, seier verksemdsleiar rus og psykisk helse Astrid Stautland.

Brukarane og dei tilsette hadde ordna fint til på uteplassen og dekka til eit flott kake- og kaffibord dei vel 50 frammøtte kunne forsyna seg av. Gjester og brukarar skinte om kapp med sola – her fekk ein innblikk i kva dette tilbodet er.

Informasjonsfaldar om aktivitetstilbodet Nyving og Nyving UNG (PDF, 2 MB)

Kort historikk

Aktivitetstilbodet Nyving er eit lågterskeltilbod, som betyr at du ikkje treng vedtak for å delta, vart oppretta som fylgje av Opptrappingsplanen for psykisk helse. Dei starta opp i kjellaren i gamle BBR i 1998 og var i fleire år på Bøtun før dei hausten 2021 flytta inn i dagnes lokaler i Sams senter.

Målgruppa er vaksne over 18 år - vaksne i alle aldrar nyttar tilbodet i dag. 

Målsetnaden er å gje eit meiningsfylt aktivitetstilbod til personar med psykiske helsevanskar som ønskjer å vera i eit sosialt fellesskap saman med andre. Her møter dei respekt og forståing for kvarandre, dei får får ros og oppmuntring.

Aktivitetstilbodet har ope 5 dagar i veka og vert i stor grad utforma av brukarane sjølv. Her er ulike spel som biljard og sjakk, det er trim- og diskusjonsgrupper, her vert det halde kurs og det er eit utgangspunkt for turar i skog og mark. Mat, kaffi og drøs er viktige ingrediensar i tilbodet.

Til toppen