Godkjend trafikksikker kommune

- Ein stor og gledens dag for Bømlo å bli godkjend som trafikksikker kommune - det er eit kvalitetsstempel. Dette betyr at me jobbar systematisk med haldningar og tiltak, men utan at det gir oss nokon garanti mot ulukker eller at alle problemer dermed er løyst, understreka ordførar Odd Harald Hovland under markeringa i kommunehuset 22. november.

2017_Trafikksikker kommune feiring  (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Trygg Trafikk stilte med leiar for Hordaland, Knut Olav Nestås, og prosjektleiar for Trafikksikker kommune Harald Heieraas. Frå Hordaland fylkeskommune stilte sekretær for Fylkestrafikksikringsutvalet, Lise Fauskanger Ådlandsvik.

 

Rådmann Geir E. Aga stilte opp med eit sterkt lag med kommunalsjefar, verksemdsleiarar, prosjektleiarar og rådgjevarar frå alle sektorane. Nesten alle styrarane i våre private barnehagar deltok også i festmarkeringa i kommunestyresalen denne onsdagen.

 

Føregangskommune

Før blomeoverrekking og utdeling av skilt i kommunestyresalen vart det halde eit godkjenningsmøte. Her møtte Trygg Trafikk kommunen si øvste politiske og administrative leiing samt deltakarane i prosjektgruppa som vart leia av folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim.

 

- Me er og har vore opptekne av gode prosessar på tvers av alle sektorane i kommunen, og ikkje minst å ha ei god politisk forankring som er ein føresetnad for å få godkjenningsstempelet som Trafikksikker kommune. Godkjenninga løyser ikkje alle problem, men dette handlar veldig mykje om haldningsarbeid, understreka rådmann Geir E. Aga.

 

- Trafikksikker kommune-konseptet starta me opp i Trygg Trafikk i 2008. Ved utgangen av året er målet å ha 60 godkjende kommunar, opplyser prosjektleiar Harald Heieraas. Bømlo kommune sitt arbeid og dokumentasjon er meir enn godt nok, og me er veldig nøgde. Godkjenningsstempelet er ingen garanti mot ulukker eller at alle trafikale utfordringar er løyst. Det er likevel eit kvalitetsstempel for kommunen som provar at de jobbar systematisk, heilskapleg og kvalitetsbevisst med trafikksikring, understreka Heieraas.

 

Han la til at alle sektorane i kommunen frå teknisk, helse, skule og barnehagar spelar ei viktig rolle i trafikksikringsarbeidet. Heieraas trekte særleg fram helsestasjonane sitt mangeårige haldningsarbeid med bevisstgjering om trafikksikring av born i bil med meire. Bømlo kommune sin trafikksikringsplan vert også brukt som døme i Trygg Trafikk sitt arbeid. Utanom dei tre pilotkommunane er Bømlo den første ordinære kommunen i Hordaland som vert godkjend som Trafikksikker kommune.

 

- Bømlo kommune har gjort ein god jobb for å kvalifisere oss, og dette er solid forankra i kommunestyret, la Hovland til.

 

- Botnar i god velferd

- Dette er ein stor dag for Bømlo. Me er nær 12.000 innbyggjarar og den 9. største kommunen i Hordaland. Me har jobba systematisk med trafikksikring, og var den første kommunen i Hordaland som fekk sin eigen trafikksikringsplan allereie i 1994 og blir brukt som mal i resten av fylket. Innbyggjarane i Bømlo bidreg stort til våre nye og flotte vegar, noko som er eit viktig bidrag mot 0-visjonen med ingen drepte i trafikken. Dette handlar like mykje om haldningar og kultur som fysiske trafikksikringstiltak, seier ordførar Odd Harald Hovland.

 

- I andre land er trafikkdrepte og -skadde eit alvorleg stort samfunnsproblem som kostar dyrt. Bømlo kommune tenkjer tverrsektorielt og rett med stort fokus på haldningar og kultur. Dette arbeidet har teke mykje tid, men det betalar seg. Det botnar i bunn og grunn i god velferd, understreka ordføraren.

 

- Bømlo kommune har gjort eit godt arbeid. Styrkeprøven er om dette forblir ein del av kvardagen, sa leiar Knut Olav Setsås i Trygg Trafikk Hordaland. Han understreka kor viktig det er å gjere tiltak med samkøyring og felles innsats for trafikksikring.

 
2017_Trafikksikker kommune blomeoverrekking ordførar (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete 2017_Trafikksikker kommune skilt- (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete 2017_Trafikksikker kommune fløytekake (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete 2017_Trafikksikker kommune skiltoverrekking barnehager (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 24.11.2017 10:45
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering