Godt nøgd med valgjennomføringa

– Bømlo kommune hadde ei veldig god valdeltaking med over 80% frammøte, og  nær 50 prosent av dei var førehandsrøyster. Trass litt uvanleg situasjon med koronarestriksjonane, er eg godt nøgd med gjennomføringa og særleg den store innsatsen alle valmedarbeidarane på rådhuset har lagt ned, seier vår eigen valgeneral Jorunn Alise Steinsvåg.

Ho er sekretær i valstyret og leiar for fellessekretariatet i Bømlo kommune. Allereie tidleg i vår starta førebuingane til Stortings- og Sametingsvalet 2021. Steinsvåg førebudde sakene til Valstyret i Bømlo kommune, ordna alt det praktiske med å skaffa røystesetlar og anna naudsynt valutstyr, samt annonsering og anna informasjon.

Stor pågang

- Gjennomføringa starta opp allereie 1. juli med tidleg førehandsrøysting fram til 9. august. Frå 10. august til og med 10. september var det ordinær førehandsrøysting, og dette var i Kundetorget på rådhuset. Det var ein jamn og stor pågang, men me hadde god koronakontroll med handspriting og avstand i køen. Det kunne kome opp mot 200 som skulle førehandsrøyste einskilde dagar, så alle i fellessekretariatet fortener stor honnør for innsatsen dei har lagt ned, meiner Steinsvåg.

Med pandemisituasjonen har dei for fyrste gong måtte  laga til eit eige røystelokale for personar i karantene. Dei har også som vanleg vore på heimebesøk og halde val på institusjonane våre. Bømlo kommune har lenge praktisert ordninga med sundagsval i dei største valkrinsane. Måndag kveld etter vallokala var stengde kom alle røystesetlane frå dei åtte valkrinsane inn til kommunehuset der valstyret føretok oppteljing og scanna alle røystesetlane. 

Tysdag 14. september fram til klokka 17.00 kom dei siste førehandsrøystene frå andre kommunar inn. Etter siste kontrollteljinga vart valprotokollen underteikna og resultatet for Bømlo offisielt.

Nøkkeltala for valgjennomføringa i Bømlo kommune

Nøkkeltala for valgjennomføringa i Bømlo kommune
Gjeld Tal
Personar med røysterett i Bømlo kommune 8 544
Totalt tal kryss i manntalet 6 864
Oppmøteprosent 80,34
Totalt godkjende førehandsrøystegjevingar 3 085
Totalt godkjende valtingsrøystegjevingar 3 799
Totalt tal forkasta røystegjevingar 1
Totalt godkjende røystesetlar 6 865
Totalt tal forkasta røystesetlar 2

Valresultata for dei einskilde politiske partia i Bømlo kommune

Til toppen