Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Godt plansamarbeid

Over 20 inviterte frå grendautval, lag og brukaraorganisasjonar møtte opp til innspelsmøte for Kommunedelplan helse-sosial-omsorg 2015-25 i rådhuskantina måndag 17. oktober. - Eit samarbeid og ein planprosess som i omfang og engasjement er unik både i lokal og nasjonal samanheng, meinte leiar Hans Otto Robberstad i Utval for helse og omsorg.

Hans Otto Robberstad innspelsmøte HSO-plan (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Dette er ein rett og god arbeidsform for å få fram ein plan me sjølv kan kjenne eigarskap til, då me kan finna at våre innspel i plandokumentet. Det er mykje meir interessant enn å få tilsendt eit ferdig dokument, meinte Hildegunn S. Våge frå LHL.

 

- Må prioritere

-  Eit samarbeid mellom kommunen og ein organisasjon som har synt godt att i nasjonal målestokk er Verdensdagen for psykisk helse. No er me nest størst i Norge, og det er forbi me har våga å satsa, meiner Per Oddvar Særsten i Mental helse Bømlo.

 

- Det vert viktig å prioritere, og når det kjem til handlingsplanen vil nok det spissa seg til. Men tar me denne gode dialogen med i det vidare arbeidet er eg viss på at me får mykje til, seier rådgjevar for helse og omsorg, Jorunn J. Folgerø-Holm.

 

- Dette er ein heilt ny tilnærming til planarbeidet, og ikkje minst omfanget, meinte leiar Hans Otto Robberstad i Utval for helse og omsorg. Om planen kjem til politisk avgjerd i desember eller januar er ikkje så nøye, berre me får ein god plan - eit felles produkt me har skapt saman. Då kan me møta utfordringane i fellesskap på ein god måte, understreka Robberstad.

 

Planen skal etter skjema opp i hovudutval for helse og omsorg 17. november og endeleg vedtakast av kommunestyret i desember.


Høyringsfristen var 31. oktober.

 
Innspelsmøte HSO-plan (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 01.11.2016
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering