Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Gult nivå på ungdoms- og vidaregåande skular

Ungdomstrinnet ved Moster skule har raudt nivå ut denne veka, men går til gult nivå frå måndag 25. januar. Bremnes ungdomsskule, ungdomstrinnet ved Hillestveit skule, Bømlo vaksenopplæring og Bømlo kulturskule går til gult nivå frå onsdag 20. januar.

Regjeringa går tilbake til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular frå onsdag 20.01. Kommunane vil altså frå onsdag kunne gå tilbake til gult nivå, men får tid ut veka til å førebu endringane dersom det er behov for det. Kommunar med stort smittepress kan videreføre rødt nivå i ungdoms- og vidaregåande skular og ved behov også innføre raudt nivå i barnehagar og barneskular.

I Bømlo er smittepresset lågt og den lokale situasjonen ligg til rette for å gå tilbake til gult nivå når skulane er klare til det. Med bakgrunn i litt ulik organisering vil skulane gjere dette slik i Bømlo:

  • Bremnes ungdomsskule: Gult nivå frå onsdag 20.01
  • Ungdomstrinnet ved Moster skule: Raudt nivå ut denne veka. Gult nivå frå måndag 25.01
  • Ungdomstrinnet ved Hillestveit skule: Gult nivå frå onsdag 20.01
  • Bømlo vaksenopplæring: Gult nivå frå onsdag 20.01
  • Kulturskulen: Gult nivå frå onsdag 20.01. Gruppetilbod som dans/teater og korpsøvingar vil dermed kunne starte opp att.

Skulane vil sjølv informere sine foreldre/føresette om detaljane.

For meir informasjon om dei nasjonale tiltaka, sjå pressemelding frå Kunnskapsdepartementet

Til toppen