Har du ein ide?

Går du med ein gründer i magen? ​Tysdag 8. februar kl. 18-20 i Moster Amfi​ held Atheno gratis StartOpp-kurs for å svara deg på ulike spørsmål som dukkar opp når du har ein god idé du ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste.

I løpet av februar vil Atheno halde StartOPP kurs i fleire av Sunnhordlandskommunane, der du vil få ei innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering. Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di. Kursa er gratis og ope for alle, uavhengig av kvar i Sunnhordland du held til. 

Atheno StartOpp-kurs

Atheno AS er Bømlo kommune sin leverandør på 1. lineteneste innan næring. Avtalen inneber blant anna at Atheno stiller til disposisjon sin metodikk og ulike verkty, kompetanse og sitt nettverk for utvikling av idéar og selskap i tidleg fase. Atheno har også ansvar for dette arbeidet på Stord, i Fitjar og på Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

Til toppen