Har du jodtablettar heime?

Kosebamse med kaliumjodtablettar. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Myndigheitene tilrår at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper resptfrie jodtablettar på apoteka for heimelagring som lekk i eigen-beredskapen. Sjølv om risikoen for ei atomhending lokalt er svært låg tilseier likevel dagens trusselbilete at jodtablettar kan bli aktuelt over heile landet som tiltak ved atomhendingar.

Frå 1. november 2018 kom reseptfrie jodtablettar til sals på norske apotek. Myndigheitene tilrår at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring. Risikoen for ei atomhending lokalt er svært låg. Dagens trusselbilete tilseier likevel at jodtablettar kan bli aktuelt over heile landet, som tiltak ved atomhendingar.

 

Europeiske kjernekraftverk eldast, og risikoen for alvorlege ulukker aukar. Ferdsel med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande, og ei ulukke med eit slikt fartøy kan gje radioaktive utslepp som rammar Noreg. Sannsynet for terroraksjonar har òg auka.


Kvifor ta jodtablettar?

Dersom det blir eit utslepp av radioaktiv jod, kan jodtablettar vere eit av dei beskyttande tiltaka som myndigheitene anbefalar. Ved ei atomulukke kan radioaktivt jod bli spreidd via luft og tas opp i skjoldbruskkjertelen frå ureina luft, eller ureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod minskar risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen.

 

Jodtablettar beskyttar kun mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil to døgn, det er difor viktig å ha tablettane lagra heime.


Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at born og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbrukskjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar óg vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.


Jodtablettar i skular og barnehagar

Etter som barn og unge er målgruppe, har Bømlo kommune utplassert jodtablettar i skular og barnehagar, og det vil vere mogleg å gi jodtablettar til barna der dersom eit utslepp blir varsla på dagtid. Dei kan leverast ut utanom opningstida dersom det er god nok tid. Tablettane må takast før utsleppet når fram for å ha førebyggjande effekt.

 

Kor lang tid det vil ta vil vere avhengig av avstand til kjelda og vindretning og -styrke. Nasjonale myndigheiter vil gi råd om når tablettane skal takast dersom det skjer ei hending. Dersom ein tek tablettane utanom tilrådd tidsvindauge (for tidleg eller for seint) har dei ingen effekt.

 

Ikkje bruk jodtablettar dersom du:
• er allergisk mot kaliumjodid eller nokre av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet
• har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt)
• har forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen
• har dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom)

 

Meir informasjon finn du på nettsida til Direktoratet for strålevern og atomberedskap
 

 

Sist endra 08.01.2019 09:29
Fant du det du leitte etter?