Haugesund formannskap vitja Bømlo

Onsdag 28. februar var Haugesund formannskap på gjenvisitt til Bømlo formannskap. Ordførar Odd Harald Hovland serverte lunsj i kommunestyresalen der naboskapen og felles interesser og strategiar vart drøfta før politikarane vitja Bremnes Seashore for omvising.

Fellesmøte Bømlo og Haugesund FSK 28.2.18 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Det var god stemning rund bordet i kommunestyresalen då formannskapsmedlemene i Haugesund og Bømlo kommune hadde eit felles lunsmøte. Ordførar Odd Harald Hovland takka sin ordførarkollega Arne-Christian Mohn for den gode velkomsten og samtalane dei hadde i Haugesund i fjor på eit tilsvarande møte. Hovland orienterte deretter kort om Bømlo sitt næringsliv og kommunen generelt.

 

Felles interesser

- Bømlo kommune valde å stå åleine og angrar ikkje på det, men me er likevel særs oppteken av å dyrka gode naboskap. Det inneber også å styrke bånda sørover, seier Hovland. Han minna også på at Bømlo er observatør i Haugalandsrådet, og tanken om fast medlemskap her vart lufta i møtet. Ikkje minst vart nye E134 og Haugesund lufthavn peika på som særlege områder der kommunane har sterke fellesinteresser. Hordfast var også eit  naturleg tema formanskapsmedlemene var innom.

 

- Det er tankar om å slå saman våre to samarbeidsråd på sikt, repliserte Mohn. Han ga ei grundigare innføring i kva som skjer kring flyplassen på Karmøy. Kommune- og regionreformen var han også innom sjølvsagt, og repliserte mellom anna at dei blei ståande åleine "då ingen andre kommunar ville vere vener med oss".

 

May Britt Vihovde (V) er styremedlem i E134 Haukelivegen AS og understreka kor viktig det er at alle kommunane som treng dette sambandet står saman og kjempar for å få gjennomslag. Ho meiner det gjeld på alle områder der me har felles interesser, noko dei andre som også tok ordet var samde om. Vidare vart også den viktige rolla Karmsund Havn IKS har hatt, men ikkje minst vil få framover, diskutert. Likeså framdriften av ny fiskerihamn i Hovlandshagen, og det vart understreka kor viktig ferjesambandet Langevåg-Buavåg er for begge kommunane.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 01.03.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering