Hevar kontrakten for brannstasjonsbygget

Bustyrar for konkursbuet etter Haaland og Thuestad AS varsla kommunen fredag ettermiddag 6.1.23 at dei ikkje trer inn i kontrakten med den nye brannstasjonen. Kontrakten vil difor bli heva, noko som inneber at det innan to veker blir halde ein registreringsforretning for å få kartlagt kva som er levert og bygd til no, og kva som står att.

- Me har hatt sikring og det å få tett bygg som hovudprioritet for å sikra eigedom og verdiar. Deretter å ha ein ryddig prosess og samarbeid alle involverte partar. Kommunen sitt mål er framleis å halda opprinneleg tids- og kostnadsplan for bygging av brannstasjonen, seier prosjektleiar Erlend Flornes Skaret i Bømlo kommune. Etter meldinga frå bustyret fall risiko for det utførte prosjektarbeidet over på byggherre, og Bømlo kommune har teikna forsikring.

Prosjektleiar Skaret har jamlege orienteringsmøter med ordførar, varaordførar og kommunedirektøren med stab vedrørande status og vegen vidare i prosjektet med ny brannstasjon.

Fakta om brannstasjonen

  • Kostnaden estimert til om lag 61,8 millionar kroner inkludert opsjonane med solcelleanlegg og passivhusstandard. 
  • Areal: ca 1500 rutemeter
  • Godkjend byggestart i kommunestyret  - 14. februar 2022
  • Byggjekontrakt signert 7. mars 2022

 

Til toppen